Oppgjerstime i Danmark

Metoobølgja har treft Danmark hardt. No rullar hovuda i toppolitikken.– Det vert eit før og eit etter metoo, seier forskar Jannie Møller Hartley.

Den danske TV-profilen Sofie Linde fekk fart på metoorørsla i Danmark. Frå scena på ein humorgalla fortalde ho at ei TV-stjerne hadde truga med å øydeleggje karrieren hennar om ho ikkje ville suge pikken hans, då ho var 18 år gamal.
Den danske TV-profilen Sofie Linde fekk fart på metoorørsla i Danmark. Frå scena på ein humorgalla fortalde ho at ei TV-stjerne hadde truga med å øydeleggje karrieren hennar om ho ikkje ville suge pikken hans, då ho var 18 år gamal.

Tre år etter at overgrepsskuldingane mot den mektige amerikanske medieprodusenten Harvey Weinstein starta ei internasjonal metoobølgje, der kvinner har stått fram og fortalt om seksuell trakassering og overgrep, har bølgja treft Danmark. Og ho har treft hardt. Leiaren i partiet Radikale Venstre Morten Østergaard har gått av etter varsel mot seg. Måndag denne veka trekte Frank Jensen seg frå verva som borgarmeister i København og nestleiar i Socialdemokratiet. Ei gruppe innbyggjarar har meldt utanriksminister Jeppe Kofod til politiet for å ha valdteke ei 15 år gamal jente i 2008. (I Danmark er den seksuelle lågalderen 15 år, men han vert auka til 18 dersom ein av partane er lærar eller liknande.) Ungdomspolitikarar fortel om trakassering og overgrep i partia.

Medieforskar Jannie Møller Hartley har undersøkt korleis metoofenomenet har vore handtert ulikt i dei nordiske landa.

– Korleis såg metooppgjeret ut i Danmark i 2017?

– Det såg veldig annleis ut enn i andre land. I media vart metoo handsama som debattstoff, ikkje som nyhendestoff. Ingen vart stilt til ansvar, ingen danske politikarar gjekk inn i debatten. Han vart raskt og effektivt tatt ned. Det gjorde også at ingen stod fram med historia si på dette tidspunktet. Heile debatten vart skildra som ei heksejakt. Ein var mest uroa for mennene og rettstryggleiken deira.

– Kvifor har metoo, fram til i dag, arta seg annleis i Danmark enn i Noreg og Sverige?

– For det første har det med den danske kulturen å gjere. Kulturen vert påstått å vere ein kultur der ein kan tale fritt og ha ein fri tone. Delvis er det også ein «hyggesexistisk» kultur der vi skal ha lov til å klappe på kvarandre. Det er ein motstand mot det politisk korrekte. Ein ser det same i debatten om Muhammed-karikaturane. Ein skal kunne seie ting rett ut og gjerne bombastisk. Det skal vere i orden, for slik har vi alltid hatt det.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement