JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Oppgjerstime i Danmark

Metoobølgja har treft Danmark hardt. No rullar hovuda i toppolitikken.
– Det vert eit før og eit etter metoo, seier forskar Jannie Møller Hartley.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den danske TV-profilen Sofie Linde fekk fart på metoorørsla i Danmark. Frå scena på ein humorgalla fortalde ho at ei TV-stjerne hadde truga med å øydeleggje karrieren hennar om ho ikkje ville suge pikken hans, då ho var 18 år gamal.

Foto: Martin Sylvest / NTB

4935
20201023

SAMTALEN

Jannie Møller Hartley

medieforskar ved Universitetet i Roskilde

AKTUELL
Har forska på mediedekninga av metoo i Sverige og Danmark

christiane@dagogtid.no

Tre år etter at overgrepsskuldingane mot den mektige amerikanske medieprodusenten Harvey Weinstein starta ei internasjonal metoobølgje, der kvinner har stått fram og fortalt om seksuell trakassering og overgrep, har bølgja treft Danmark. Og ho har treft hardt. Leiaren i partiet Radikale Venstre Morten Østergaard har gått av etter varsel mot seg. Måndag denne veka trekte Frank Jensen seg frå verva som borgarmeister i København og nestleiar i Socialdemokratiet. Ei gruppe innbyggjarar har meldt utanriksminister Jeppe Kofod til politiet for å ha valdteke ei 15 år gamal jente i 2008. (I Danmark er den seksuelle lågalderen 15 år, men han vert auka til 18 dersom ein av partane er lærar eller liknande.) Ungdomspolitikarar fortel om trakassering og overgrep i partia.

Medieforskar Jannie Møller Hartley har undersøkt korleis metoofenomenet har vore handtert ulikt i dei nordiske landa.

– Korleis såg metooppgjeret ut i Danmark i 2017?

– Det såg veldig annleis ut enn i andre land. I media vart metoo handsama som debattstoff, ikkje som nyhendestoff. Ingen vart stilt til ansvar, ingen danske politikarar gjekk inn i debatten. Han vart raskt og effektivt tatt ned. Det gjorde også at ingen stod fram med historia si på dette tidspunktet. Heile debatten vart skildra som ei heksejakt. Ein var mest uroa for mennene og rettstryggleiken deira.

– Kvifor har metoo, fram til i dag, arta seg annleis i Danmark enn i Noreg og Sverige?

– For det første har det med den danske kulturen å gjere. Kulturen vert påstått å vere ein kultur der ein kan tale fritt og ha ein fri tone. Delvis er det også ein «hyggesexistisk» kultur der vi skal ha lov til å klappe på kvarandre. Det er ein motstand mot det politisk korrekte. Ein ser det same i debatten om Muhammed-karikaturane. Ein skal kunne seie ting rett ut og gjerne bombastisk. Det skal vere i orden, for slik har vi alltid hatt det.

– For det andre har ikkje feminisme og sexisme vore eit hot topic i dansk politikk. Emna har ikkje vore ein del av partipolitiske program. Heller ikkje journalistisk har dette vore prioritert. Det nyaste forskingsprosjektet vårt viser at mange journalistar som gjerne ville dekke metoo i redaksjonane, fekk høyre at «skal vi høyre på dette feministiske gnålet nå igjen». Det har vore ein motstand i dansk kultur og i danske redaksjonar, ulikt det vi ser i dag.

– TV-profilen Sofie Linde tok, under ein TV-send humorgalla i slutten av august, eit humoristisk, men knallhardt oppgjer med seksuell trakassering. Kva gjorde at nett Linde fekk metooballen til å rulle?

– Sofie Linde er ein folkekjær personlegdom som når breitt ut i befolkninga. Ho har mellom anna vore med i X-faktor, så svært mange kjenner henne, og ho når fram til unge på Instagram. Ho har ei plattform å stå på. Ein stor del av den danske eliten og mediebransjen såg gallaen på TV – det er ein stor event. Så det var kombinasjonen av personlegdomen hennar og denne store gallaen. Ho stod fram og sa det ho sa. No står andre fram og seier at det ho opplevde, ikkje er eineståande. No er det også mogleg å dekkje det journalistisk, fordi det kjem vitnesbyrd som ikkje kom i 2017. Dei tenkjer vel at no er det nok. Det kjem ein kjedereaksjon på eit tidspunkt. Ein er lei av å høyre at det ikkje finst sexisme i Danmark, og at vi har oppnådd likestilling.

– Metoo får no konsekvensar for fleire politikarar. Men skuldingane mot Jensen og Kofod har vore kjende i fleire år. Kvifor har dei ikkje fått konsekvensar tidlegare?

– Ja, godt spørsmål. Fordi partia har dekt over det, fordi kulturen har dekt over det, fordi ein ikkje har hatt eit rom og ein prosedyre for det. Ein har hatt ein kultur der ein har tenkt at «det er OK, det er berre for moro skuld». Så blir sakene tatt ned internt i partiet. Når ein har fortalt ein sjef eller kollega om at det har skjedd noko, har ein fått spørsmål om ein ikkje er litt snerpete eller kjenslevar eller har hatt eit litt for kort skjørt. Når kvinner i fellesskap seier at no er det nok, kan partia seie at det er feil at dei ikkje har gjort noko tidlegare.

– Trur du metoo vil endre Danmark, og i så fall på kva måte?

– Det er heilt sikkert. Det er eit før og etter metoo, og det vil endre Danmark på den måten at ein ikkje lenger kan gøyme sexisme i organisasjonar og parti. Det har vorte ei anna form for journalistisk dekning. No blir metoo oppfatta som viktig. Eg trur at metoo vil verte diskutert på landsmøte og i mediebransjen, og retningslinjer vil verte endra. Det kjem. På den måten kan ein snakke om eit klart før og etter metoobølgja.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Det er ein motstand mot
det politisk korrekte.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.

Alle foto: Håvard Rem

UtanriksSamfunn

Det blonde reservatet

PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.

Håvard Rem

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la nyleg fram ei stortingsmelding for 5. til 10. trinn i grunnskulen. Der opnar ho for eit ordskifte om språkfaga i ungdomsskulen.

Foto: Lise Åserud / NTB

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Språkfag i spel

Kunnskapsministeren vil gje fleire elevar høve til å velje arbeidslivsfag. Lærarar åtvarar mot å la det gå på kostnad av språkopplæringa.

Joaquin Phoenix spelar hovudrolla som Joker.

Foto: Warner Bros. Discovery

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Dyster dobbeldose

Denne runden med Jokeren ber det same mørket med nye tonar.

I hamnebassenget om lag her lét Dia í Geil seg døype grytidleg ein kald oktobersøndag for snart 150 år sidan. Det var starten på vekkinga som gjorde Brø¿rasamkoman til eit livskraftig samfunn som framleis styrer mykje på Færøyane.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature
Hallgeir Opedal

Om Gud og lausriving

Siste dag i oktober i 1880 lét Dia í Geil seg døype i hamnebassenget i Tórshavn, og etter det skulle Færøyane aldri bli det same.

Ein iransk «usynleg» Shahed Saegheh-drone, kopiert etter ein havarert, men intakt RQ-170 Sentinel-drone frå USA, blir paradert i gatene i Teheran 24. september.

Foto: Majid Asgaripour / Reuters / NTB

KommentarSamfunn

Knivbyte i Midtausten

Med det iranske missilåtaket mot Israel hevar Iran kniven direkte mot Israel.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis