Lita skrift

Oppfrisking

Publisert

I dag gjekk eg og tok ein oppfriskingsdose mot koronaviruset. Eg hadde som von at eg skulle få den nye varianten av Moderna, men han var ikkje komen enno, så det vart til at eg igjen takka ja til den nye frå Pfizer, som eg har teke tre gonger før. Men no er eg altså oppdatert mot ulike omikronvariantar, noko eg neppe hadde trong for, sidan eg fekk omikron alt i slutten av februar.

Kvifor eg tok endå ein dose, sjølv om FHI seier eg ikkje har trong til det? Av di eg ikkje har lyst til å verta så sjuk i jola som eg vart då eg fekk omikron i februar. Trur eg dosen hjelper særleg? Nei, i grunnen ikkje. Men eg kan alltids vona.

Eg vart sitjande og prata med kvinna som skulle setja dosen. Ho hadde særs god tid, sidan nesten ingen under 65 har tinga ein oppfriskingsdose.

– Folk verkar ikkje så interesserte lenger. Dei er nok leie av både vaksinar og snakk om covid-19.

– Hugsar du heilt til å byrja med, då FHI ville ha gradvis smitte og vi skulle få flokkimmunitet?

– Ja, sett i ettertid var det underlege saker. Korleis kunne vi få flokkimmunitet mot eit koronavirus?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement