Opnar skattekista på havdjupet
Etterspurde havbotnmineral vert kartlagde, tokt for tokt. Teknologi vert utprøvd, og selskap oppretta. Noreg jaktar på verdiar i ei urørt verd.
Ein fjernstyrt undervassfarkost heng i kabel frå morfartøyet, som ligg over Mohnsryggen nordvest i Norskehavet. Marine mineral skal undersøkjast fleire tusen meter under havflata.
Foto: Oljedirektoratet
– Ti år frå no håper eg at vi skal ha produksjon.
Kall det vill spekulasjon eller kunnskapsbasert gjetting. Når seriegründer Walter Sognnes, geofysikar med mangeårig erfaring frå oljebransjen, ser inn i spåkula, ser han sitt eige eitt år gamle selskap, Loke Marine Minerals, hente etterspurde mineral opp frå havdjupet i Norskehavet.
Same år som Stortinget vedtok ei lov som legg til rette for utvinning av havbotnmineral i Noreg, starta Sognnes, saman med Hans Olav Hide og Tore Halvorsen, begge veteranar frå leverandørindustrien, selskapet med eitt mål for auge: å dra nytte av minerala i berget på havbotnen, som i dag ligg urørt av menneskehender.
– Folk spør kva vi skal leve av etter olja. Kvar kjem dei nye arbeidsplassane? Med det grøne skiftet og elektrifiseringa treng vi mykje meir mineral enn vi har. Det seier alle kalkylar. Det å skape grøne arbeidsplassar er ein drivar for meg, seier Sognnes.
Opningsprosess i gang
Det politiske rammeverket er på plass for Sognnes og andre gründerar. I 2019 vedtok Stortinget lov om mineralvirksomhet på kontinentalsokkelen (havbotnminerallova), som regulerer korleis styresmaktene kan opne for mineralutvinning på havbotnen og kva rettar og plikter som gjeld for aktørar som går inn i næringa. I mai starta regjeringa ein opningsprosess for mineralverksemd i områda mellom Jan Mayen og Svalbard og søraust for Jan Mayen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.