JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Opnar for fleire universitet

Dagens krav for å få universitetsakkreditering er ein politisk og særnorsk konstruksjon, seier Gunnar Yttri, rektor ved Høgskulen på Vestlandet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dronning Sonja var til stades ved den offisielle opninga av Veterinærbygget ved det som i dag er Noregs miljø- og biovitskaplege universitet på Ås. Utdanningsinstitusjonen på Ås fekk høgskulestatus i 1897 og universitetsstatus i 2005. No vil regjeringa gjere det lettare også for andre høgskular å verte universitet.

Foto: Lise Åserud / NTB

5339
20231124

Samtalen

Gunnar Yttri

rektor ved Høgskulen
på Vestlandet (HVL)

Aktuell

Reglane for å få
universitetsakkreditering er føreslege endra

eva@dagogtid.no

Regjeringa ønskjer å endre regelverket slik at fleire norske høgskular kan verte universitet. Medan det i dag krevst fire eigne doktorgradsprogram for å få universitetsakkreditering, kan det framover verte krav om berre eitt.

Gunnar Yttri er rektor ved Høgskulen på Vestlandet, som har studiestader i Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og på Stord.

– Du seier i eit intervju med nettavisa Khrono at regjeringa i forslaget legg opp til eit «mye sunnere universitetsbegrep». Kvifor er det sunt å redusere krava for å få universitetsstatus?

– Då kravet om fire doktorgradsprogram vart sett, var det ein politisk og særnorsk konstruksjon som sytte for at ein fekk opp nye universitet i Stavanger og Agder og i nord. Talet var godt meint i si tid, men det var altså ei særnorsk øving som det er vanskeleg å finne parallellar til internasjonalt, seier han.

– Må det finnast parallellar internasjonalt for at det skal vere eit godt krav?

– Vi treng ikkje vere som alle andre, men det er greitt å ha eit universitetsomgrep som er forståeleg også utanfor landegrensene. Det er òg viktig for samarbeid med internasjonale partnarar. Poenget er at om du har forskarutdanning innanfor området du tilbyr utdanning på, og driv aktiv forsking innanfor same området, så bør du vere kvalifisert til å vere universitet.

– De har ønskt, og sikta dykk inn mot, å verte universitet sidan Høgskulen på Vestlandet vart danna i 2017. Kvifor?

– Det heilt sentrale er at vi vil ha betre kvalitet i utdanning og forsking enn ein høgskule. Det meiner vi vil gagne studentane og kanskje lette rekrutteringa av både studentar og gode tilsette. Det vil òg gjere oss til ein meir attraktiv samarbeidspartnar for andre universitet både nasjonalt og internasjonalt, og for arbeidsliv og næringsliv i området. Høgskulen på Vestlandet i 2023 er òg noko anna enn den høgskulesektoren som vart til på 1970-talet. I form og innhald er vi alt eit universitet, men vi manglar statusen.

– De var klare til å søkje universitetsakkreditering etter gamalt regelverk. Svekkjer det ikkje statusen dykkar når mange fleire institusjonar framover kan verte universitet?

– Eg opplever det ikkje slik, og det er heller ikkje slik at det framover vert lett å verte universitet. Ein må ha høg kvalitet med det ein søkjer om å verte universitet med.

– Høgskulen på Vestlandet tilbyr utdanningar i mellom anna helse- og sosialvitskap, friluftsliv og reiseliv, lærar og barnehagelærar, idrett og folkehelse. Treng ein utdanning ved universitet for å verte ein god lærar eller god sjukepleiar?

– Vi har tradisjonelle fag som dei siste 50 åra har vore del av høgskulesektoren, men på desse 50 åra har det skjedd ei formidabel utvikling både i sektoren, med bachelor-, master- og doktorgrad, også i Noreg og omverda elles. Så for å samarbeide med offentleg sektor og næringsliv og verkeleg vere ei samfunnskraft og kunne utdanne folk med rett kompetanse og fleksibilitet, må vi ta det steget det er å verte universitet. Så vert ikkje vi eit klassisk disiplinuniversitet, og vi vert ikkje like Universitetet i Oslo eller Universitetet i Bergen. Vi tek det beste frå høgskuletradisjonen og koplar med ei meir vitskapleg og forskingsbasert tilnærming til både utdanning og praksis.

– Statsvitskapsprofessor Tore Wig ved Universitetet i Oslo seier til Klassekampen at han fryktar endringa bidreg til ei sterkare akademisering av praktiske utdanningar og ei utvatning av akademia. Har han ikkje eit poeng?

– Jau, og det er greitt å kome med slike åtvaringar, men eg meiner oppgåva til vår type universitet er å byggje bru mellom akademia og praksis, syte for at profesjonsutøvarane vi utdannar, vert gode og sterke i praksis, og syte for at forskinga vår er praktisk relevant. Når det gjeld spørsmål om utvatning av akademia, trur eg det er nødvendig også for dei tradisjonelle universiteta å kome samfunnet rundt seg meir i møte, for å halde oppe sin eigen legitimitet.

– Noreg har alt 10 universitet i dag. Kor mange treng vi i eit land med 5,5 millionar innbyggjarar?

– Eg trur ikkje talet er viktig, men eg er overtydd om at det er viktig å ha institusjonar som satsar over større geografisk område, som tek eit geografisk ansvar. Om det trengst 5, 10 eller 15 universitet til det, har eg ikkje synspunkt på. At vi har 10 universitet i dag, er også litt tilfeldig. Hadde fleire av dei gamle universiteta gjort som NTNU og UiT, kunne vi hatt færre.

– Har du ingen innvendingar mot endringane regjeringa no har føreslege?

– Det er ein risiko om fleire utdanningsinstitusjonar vert for like, og om dei mistar det regionale særpreget. I tillegg er det krevjande å byggje opp nye universitet i tider med svikt i rekrutteringa til nokre utdanningar. Den største risikoen er likevel å ha universitet og høgskular som ikkje tek samfunnsoppdraget sitt på alvor. Når vi byggjer eit nytt universitet, er det nettopp det vi gjer; Høgskulen på Vestlandet tek samfunnsoppdraget på alvor, seier han.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det er ikkje slik at det framover vert lett å verte universitet.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ordskifte

Ny kurs med endra styrkeforhold?

«I konfliktar er styrke viktigare enn hensikter og narrativ.»

ErikKlepsvik

Andrew Jackson var president i USA frå 1829 til 1837.

Foto via Wikimedia Commons

Ordskifte
Øyvind T. Gulliksen

Donald Trump og Andrew Jackson

Utruleg nok kan altså Trump, som no er dømd for kjeltringstrekar i stor skala, bli presidentkandidat for Det republikanske partiet.

Statsminister Jonas Gahr Støre på strategikonferansen til Arbeidarpartiet i november 2023.

Foto: Frederik Ringnes / NTB

Ordskifte
LarsKolbeinstveit

Svakt frå Agenda

At Ap gjer det dårleg, kan ha med heilt andre grunnar å gjere enn at folk vert meir opptekne av seg sjølve.

EssaySamfunn
Morten A. Strøksnes

iPad-bobla som brast

Samfunnet har nytta store ressursar på å digitalisere skolen. Grunnlaget var syltynt og har vore styrt av motetenking, gruppepress, framtidsangst og kommersielle interesser. No ser det ut til å snu.

Madame Nielsen har ei fortid som forfattaren Claus Beck Nielsen.

Foto: Pelikanen forlag

BokMeldingar

Apokalyptisk

Madame Nielsen leverer litteratur av sjeldan kvalitet.

Oddmund Hagen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis