Opnar for at munnbind kan bli aktuelt

– Eg vil ikkje seie kategorisk at vi aldri kjem til å tilrå munnbind, seier Nina Kristine Sorknes i Folkehelseinstituttet.

Publisert

Når råda om bruk av munnbind mot covid-19 sprikjer så mykje mellom ulike land, heng det saman med smittesituasjonen, meiner Nina Kristine Sorknes, som er seniorrådgjevar ved Avdeling for smittevern og beredskap i Folkehelseinstituttet.

– Her må ein sjå på smittespreiinga i kvart land. I mange land er det mykje større spreiing enn i Noreg. Også dei norske råda kan bli endra om smittesituasjonen endrar seg.

– Ei rekkje land tilrår eller pålegg folk å bruke munnbind når dei er ute i samfunnet. Er styresmaktene i dei landa irrasjonelle?

– Nei, det kan eg ikkje seie. Dei har gjort sine vurderingar basert på smittesituasjonen.

– Tyskland har påbode bruk av munnbind, sjølv om spreiinga av sjukdomen er ganske moderat i landet?

– Påbodet i Tyskland gjeld der det er mange menneske samla og det ikkje er mogleg å halde avstand, til dømes når ein reiser med offentleg transport. Om folk bruker munnbinda korrekt og ikkje har dei på for lenge, kan det vere ein fornuftig strategi.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement