JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Opn ikkje peanøttposen!

Restauranteigarar fryktar «ulv, ulv»-effekt når matintolerante og kresne seier at dei er allergiske.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Får ein restaurant inn bestilling frå ein matallergikar, må dei setje i gang eit heilt ressursapparat.

Illustrasjonsfoto: Tore Meek / NTB scanpix

2901
20180504
2901
20180504

Eg sit på flyet attende til Oslo og ventar på avgang. På klappbordet til sidemannen ligg peanøttposen klar. Eg ser molefonken ned på vassflaska mi og tenkjer at eg skulle spandert på meg noko å bite i, eg òg.

– God ettermiddag! Eg vil ønskje dykk velkomne til rute fire ein sju til Oslo, byrjar flyvertinna.

Gjennom vindauget fylgjer eg med på flytrappa som sniglar seg mot hangaren. Eg har høyrt dette mange, mange gonger. Men så peilar øyra seg inn att:

– Vi har med oss ein nøtteallergikar i dag og må be alle som har med seg noko som kan innehalde nøtter, om ikkje å opne desse på heile denne turen. Takk!

Høgtalaren knitrar av, og sidemannen sukkar. Han stuar bort snacksen.

– Kan det vere så farleg å opne éin pose, mumlar han.

Peanøttallergi er ein av dei vanlegaste matallergiane i Noreg, og der sidemannen irriterer seg over éin allergisk flypassasjer, irriterer restauratørane seg denne veka over tre grupper menneske: Dei som har intoleranse, dei som er på diett, og dei som er vanskelege i matvegen. Eg ser for meg ein eittåring som ikkje får det han vil ha til middag, og målar kjøkenbordet, veggen og seg sjølv med spinatpureen han ikkje vil ha.

Restaurantane fryktar nemleg at dersom folk held fram med å kalle seg allergikarar når det ikkje stemmer, er det allergikarane som får svi, melder Dagens Næringsliv.

For det er ikkje berre å ta ut éin ingrediens. Når ein restaurant får inn bestilling frå ein allergikar, må dei lage ny meny, informere alle kokkane og desinfisere alt utstyr, heilt ned til den aller minste teskeia, i tillegg til den vanlege nedvasken. Allergikaren skal ikkje få i seg så mykje som eit spor av noko han ikkje toler. For er du skikkeleg allergisk, kan du døy. Det tek restaurantane på alvor.

Men kva då med dei intolerante? I ei motsak i same avis seier kokebokforfattar Cecilie Hauge Ågotnes at matintolerante kjenner seg mistrudde på restaurant. Og når ein lever av å servere mat til menneske, skal ein då respektere at det kan eksistere like mange tilstandar som retter på menyen? Skal ein leggje til rette for alle?

Men ein er ikkje anten allergisk eller altetande. Dersom den allergiske flypassasjeren som irriterte på seg mannen ved sida av meg, skulle få i seg spor av nøtter på flyturen, kan han i verste fall risikere å få anafylaktisk sjokk og døy. Opnar ein mjølkesjokoladen ved sida av ein laktoseintolerant passasjer, reagerer han ikkje. Får han i seg meir laktose enn han toler, døyr han ikkje. Ein må likevel rekne med at han vert dårleg nok til at eitt av flytoaletta er opptekne resten av turen. Kanskje treng han ikkje opplyse heile flyet om intoleransen, men det er likevel ein fordel for alle dotrengde medpassasjerar om ein tek han på alvor.

Mone Celin Skrede

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er ikkje berre å ta ut ein ingrediens.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis