Opium til folket
Dei siste åra har omdømet til McKinsey ute i verda fått djupe riper i lakken.
Da Jonas Gahr Støre var middagsgjest hos president Emmanuel Macron i Paris måndag, kunne han trøyste seg med at McKinsey-problema til verten fekk hans eigne til å bleikne. Forholdet mellom Macron og McKinsey har vore etterforska sidan oktober, og på tysdag ransaka politiet kontora til både franske McKinsey og Renaissance, partiet til Macron. McKinsey-konsulentar arbeidde gratis for valkampen til Macron i 2017, og dette kan ha vore ulovleg valkampstøtte etter fransk lov. Ifølgje AFP er det òg mistanke om at selskapet fekk lukrative avtalar som takk. Under Macron har den franske staten dobla bruken av konsulentfirma til å løyse oppgåvene sine.
Dette er ikkje den einaste dårlege publisiteten McKinsey har fått i haust. I oktober gav to New York Times-journalistar ut boka When McKinsey Comes to Town, som går gjennom ei rekkje saker der selskapet har vore involvert. Mellom anna fek McKinsey 900 millionar kroner for å auke salet av OxyContin, legemidlet i sentrum av opioidkrisa som har teke ein halv million liv i USA. Konsulentar frå McKinsey var tungt involverte i omstruktureringa av energiselskapet Enron og hylla resultatet, heilt til Enron viste seg å vere eit pyramidespel og kollapsa i USAs største konkurs i 2002.
Forfattarane viser òg korleis McKinsey har hatt vidtrekkjande verknader i samfunnet, anten det handlar om outsourcing av industri til Kina, kutt i arbeidsplassar og arbeidarrettar eller å drive opp toppleiarløner. Det meste er usynleg, takk vere diskresjonen til selskapet. «Folk i USA og rundt i verda er stort sett ikkje klare over påverknaden McKinsey har over livet deira», skriv forfattarane.
Går i null i Noreg
Sjølv om McKinsey har mange kritikarar, har selskapet openbert òg ei rekkje kundar som er nøgde med tenestene deira. I alle fall auka inntektene i Noreg frå 645 millionar kroner i 2020 til 986 millionar i 2021. McKinsey-toppane er kvart år høgt på listene over dei best betalte i Noreg. I 2016 hadde McKinsey-partnar Tore Myrholt ei likningsinntekt på 103 millionar kroner, ifølgje Finansavisen. I 2020 var Paul Jenkins den best betalte konsulenten i landet, med ei likningsinntekt på 46 millionar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.