Helse
Opium for folket
Reseptpliktige opioid som oksykodon er årsak til fleire overdosedødsfall enn heroin i Noreg. Bruken av oksykodon er meir enn tidobla sidan 2004.
Oksykodon-tablettar av amerikansk merke. Frå slutten av 1990-åra auka forbuket av opioid på resept enormt i USA, med fleire hundre tusen overdosar som resultat. Noreg har ikkje same problem, men forbuket av oksykodon er meir enn tidobla sidan 2004.
Foto: Patrick Sison / AP / NTB
Når Noreg er i verdstoppen på ein statistikk, er det som regel av gledelege grunnar, men det finst unnatak. Som kjent har vi lenge hatt svært mange registrerte overdosedødsfall i høve til folketalet. I 2017 var Noreg på tredjeplass i Europa på statistikken over slike dødsfall per capita, etter Estland og Sverige.
Etter ein uhyggjeleg topp kring tusenårsskiftet, med 405 årlege dødsfall i 2001, har talet vore ganske stabilt – ein stad mellom 250 og 300 i året. Men desse tala kamuflerer nokre store endringar. Mange av overdosane er av eit anna slag enn før.
Den sprøytenarkomane på gata har gjerne vore framstilt som det typiske overdoseofferet, og det var ikkje heilt feil. Gjennom mange år var heroininjeksjonar årsak til dei aller fleste overdosedødsfalla. Men talet på heroindødsfall har faktisk gått bratt nedover i Noreg. I 2000 og 2001, dei desidert verste åra, døydde kring 250 menneske årleg etter heroinoverdose – det vil seie omtrent 60 prosent av narkotikadødsfalla.
I 2017 var talet på heroindødsfall kome ned i 50, og dette utgjorde berre 20 prosent av overdosedødsfalla det året, syner ein rapport frå Oslo universitetssjukehus og Senter for rus- og avhengnadsforskning. Truleg er behandling med heroinsubstitutt som metadon hovudgrunnen til at heroinen tek færre liv enn før. I dag får kring 8000 menneske slik behandling her i landet.
Nye stoff
Men medan tiltaka mot heroindøden ser ut til å ha hatt ganske stor effekt, har altså auken i andre typar overdosar halde talet på årlege narkotikadødsfall oppe. Ein del av forklaringa er ein auke i talet på overdosar med metadon og buprenofin – heller ikkje substitutta for heroin er ufarlege. Men hovudforklaringa ligg ein annan stad. For det er særleg talet på dødsfall på grunn av opioid som oksykodon, kodein og morfin – stoff som blir nytta i smertelindrande legemiddel – som har auka dei siste åra.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.