JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Open kloakk

Den digitale revolusjonen skulle gjere oss meir effektive, mobile og frie. Så kvifor vassar eg dagen lang til knes i digital septikslam?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
12873
20230127
12873
20230127

Ein vanleg dag for meg begynner slik som dette. Eg står opp, går ned og set på kaffitraktaren, et eit knekkebrød. Når kaffien er ferdig, går eg opp på kontoret og vekker datamaskinen. Først sjekkar eg e-posten. Meir presist vil det seie å finne ut om det er eit eller anna, mellom alt søppelet som har rent inn i løpet av natta, som eg må vurdere å opne og svare på.

I dag er den øvste meldinga i innboksen frå Metropolitan Police UK. «Are you dead or alive?» står det i emnefeltet. Eg opnar. Engelsk politi vil altså gjerne vite om eg lever eller er død. Det har seg nemleg slik at ein Mr. John Lewis spring rundt og hevdar at eg omkom i ei bilulykke den 30. desember 2022. Ja, han har til og med lagt fram dødsattesten min for ein bank i New York. Men politiet trur det kan vere svindel, skriv dei. For John Lewis freistar nemleg å få tak i ein arv på 16.602.000 dollar som eigentleg tilhøyrer meg. Det er berre å ta kontakt, om eg er i live, skriv dei. Eg må berre fylle ut ei heil mengd personleg informasjon i skjemaet som ligg vedlagt, så skal det nok dette gå greitt.

Å nei, du. Den bit eg ikkje på. Eg har nemleg ingen fjerne millionærslektningar i USA, det er berre ein haug med white trash i Canada. Seriøst.

Men det er slik kvar dag startar. Med at nokon som trur eg er retardert, freistar å lure meg. Dagen lang. År ut og år inn. Eg har meir enn 29.000 e-brev i innboksen, og berre 9000 i spamfilteret. Det burde ha vore kanskje 3000 e-brev i innboksen og 35.000 i søppeldunken.

På ein vanleg dag får eg rundt 40 svindelbrev. Kvifor ikkje spam-filteret reinskar dei bort, veit eg ikkje, men det er vel fordi algoritmane genererer nye e-postadresser i det uendelege. Mange vil ha meg til å tru at eg har vunne ein premie, eg må berre klikke på lenka. Andre påstår dei prøver hardt å levere den nye iPhonen min, eller noko anna eg ikkje har bestilt, men det er noko gale med adressa.

Ein seier han har hacka maskinen min og vil presse meg for pengar for ikkje å avsløre alt det lysskye eg driv med. Rundt ti e-brev om dagen vil ha meg til å ta opp store forbrukslån, eller samle alle forbrukslåna mine i deira «bank». Dette er faktiske, verkelege firma som Uno Finans, Axo Finans, Bank Norwegian eller Finansiering.no – og av alle dei eg må ha kontakt med dagen gjennom, synest eg desse er den verste. Merk: Denne «reklamen» kjem aldri direkte frå desse firmaa, men alltid via mellommenn. Det er slik narkobaronar jobbar: Det skal ikkje vere noka direkte kopling mellom gateseljarane og dei som sit øvst i kartellet og håvar inn pengar.

Eg har aldri hatt eit kredittkort i mitt liv. Eg søkte ein gong, men fekk avslag. Eg har heller aldri hatt anna kortsiktig gjeld av nokon type. Er det derfor eg blir bombardert med tilbod? I mange står det at eg berre er eit tastetrykk unna å få innvilga eit lån på ein halv million, noko eg aldri har bedt om, ikkje vil ha og ikkje treng. Og sju andre kjem frå greie folk som vil samle all den kortsiktige gjelda eg ikkje har, slik at det berre blir 24 prosent rente?

Eg kjenner svake, blakke og sjuke folk som er blitt lurte (ein var psykotisk) til å ta imot fleire hundre tusen etter å ha blitt freista på denne måten over lang tid. Nedbetalinga går sjølvsagt til helvete, og det er ein del av forretningsideen. No blir gjelda ei vare dei sel til kvarandre. Gjelda går til inkasso og til namsmannen, staten er alltid på parti med utlånarane og fungerer i praksis som torpedoen deira.

For ei veke sidan braut heile e-postsystemet til Telenor saman, kanskje fordi selskapet blir bombardert av milliardar av spam-e-brev. Dei trong nokre dagar for å stake opp dei digitale avløpsrøyra, og eg kunne verken sende eller ta mot e-post. Det var ei fin tid. Samstundes skapte det mange problem. For samstundes som mykje av innhaldet er djupt dysfunksjonelt, er vi er for lengst blitt avhengige av at slikt fungerer.

Etter å ha varma opp med e-post opnar eg Facebook. Eg har halde meg borte dei siste åra, men tok til å bruke mediet att i fjor haust for å få fortalt omverda om ei bok eg gav ut. Dessutan må eg av og til sjekke innboksen der også, for innimellom alt får eg ganske ofte meldingar som gjeld jobb. «Vil du knu… med meg», er øvste melding i innboksen der. Det held fram nedover med utruleg sjenerøse tilbod, på norsk, engelsk og tsjekkisk. Men innimellom er det seriøse førespurnader. Og sjå der, ja, ein journalist frå Barcelona vil ha kontakt.

Eg går over på sjølve Facebook-feeden. Etter ein lang periode, etter at eg såg nokre kampar i Premier League, var det mest nytt om fotballklubben Manchester United. Algoritmane må ha oppdaga kva eg såg på, og dermed kome fram til at eg var fanatisk opptatt av alt som skjer rundt klubben, heilt tilbake til 1950-talet.

Dei siste vekene har det stort sett vore «nyhende» om det engelske bandet The Specials. Det må vere fordi leiaren Terry Hall døydde i jula og eg las eit par nekrologar på nettet. Eller kanskje brannalarmen i stova, som har kamera og nettilkopling, også er hacka? For etter at eg las om Terry Hall, sette eg på LP-plater av The Specials. Dei held enno mål, berre så det er sagt. Men eg hadde ikkje tenkt å organisere heile det digitale livet rundt eit gamalt skaband frå Coventry med to gode plater frå rundt 1980.

Facebook-algoritmanE veit i det minste at eg er mann. Det gjer ikkje dei som vel ut den «målretta» podkastreklamen eg må høyre på, for der får eg ofte reklame for ein blogg om kvinnehelse, spesielt knytt til underlivsproblem som utflod, svie og soppinfeksjonar.

Algoritmane, ja. Dei er på same tid stokk dumme og ekstremt oppmerksame, litt som dei verste gamle sladrekjerringane (og gubbane) i små norske bygder på 1970-talet. Dei visste alt om kven som hadde vore på besøk hos kven, og kva dei hadde på seg, og dei skravla og skravla, men referanserammene var for smale. Dei var for overflatiske, skjønte lite kva som rørte seg på innsida av folk.

Vi lever definitivt i overvakingskapitalismens tidsalder. Dingsane vi bruker, overvaker ikkje berre kor vi går på nettet for å lappe saman ufullstendige profilar om oss. Går vi innom ein butikk med telefonen i lomma, så sladrar han ved å sende informasjonen til nokon som trur dei kan tene pengar på det. Til saman samlar algoritmane inn så mykje informasjon, og kjenner privatøkonomien til brukaren så godt, at du kan få høgare prisar når du til dømes skal kjøpe flybillettar på nettet, om dei veit at du har god råd. Det er ikkje lov, og EU har freista å kjempe mot med ein juridisk motaksjon. Men det er så mange gråsoner, så mange datatilbydarar, at det er umogleg å kontrollere denne marknaden.

Eg er ikkje redd for overvakingskapitalistane, bortsett frå når dei nyttar informasjonen dei samlar inn til å manipulere politiske val, noko dei sjølvsagt gjer. Når det gjeld den kommersielle biten, skulle eg nesten ønske dei visste meir, så eg ein gong iblant kunne få eit nyttig tilbod. Det skjer aldri. At dei veit alt om oss, er berre skryt. Dei veit ingenting interessant om meg som individ, og har null verdi for meg. Likevel må eg handtere dei konstant. Så snart eg er på nettet, poppar det opp spesialtilpassa, ubrukeleg kommersielt søppel same kva eg ser på.

Det er ein vanleg dag på kontoret, og smarttelefonen begynner å vibrere før klokka 11.00. Om nummeret er ukjent, trykker eg på «avvis». Det er minst ti år sidan eg slutta å ta telefonen om eg ikkje veit kven som ringer. Unntaket er når eg ventar ein viktig telefon frå nokon eg ikkje veit nummeret til.

Om eg tek telefonen, kanskje ved ei misforståing, veit eg kva som stort sett kjem. Det er mest sannsynleg ein ung mann med glatt og blid stemme som presenterer seg med fornamn, som ein gamal ven – og som nektar å legge på før eg har vore djupt uhøfleg. Sjølv det er ingen garanti.

Nokre gonger må eg hente fram dei verste sidene av meg sjølv. Eitt av triksa i repertoaret er å be dei halde linja, mens eg går og lagar kaffi. Det er for sløse bort tida deira, noko eg veit går meir inn på dei enn sarkasmar. Kvar einaste seljar trur han skal bli den første til å bryte meg ned. Slik er sjølvbiletet deira. Ingen motstand er sterk nok til å stå mot den magiske munnen deira, berre dei får halde på å snakke, vil dei vinne til slutt. Dei ser seg som ein slags superheltar, og for Talkboy og Bullshit Man finst ikkje ordet nei.

Kvifor reserverer han seg ikkje mot telefonsal, spør du kanskje. Det har eg sjølvsagt gjort, og alle dei vanlege, greie telefonseljarane respekterer dette. Problemet er at det finst eit smotthòl som kan utnyttast, om ein frekk nok. Dermed er det berre mørkets telefonseljarar som ringjer til meg.

No om dagen er straumseljarane dei mest pågåande. Ja, du har kanskje fått med deg at det er straumkrise i landet? Straumen frå kraftverka som generasjonane før oss bygde, er blitt ei eksportvare på den internasjonale energimarknaden. Ein av konsekvensane av frisleppet er ei stor, ny yrkesgruppe som freistar å ta ein bit av fortenesta mellom produsenten og oss som kundar. Halvparten av innbyggarane i landet blir ringde opp kvar dag, har eg inntrykk av, slik at det må vere rundt 100.000 av dei.

Eg sit i eit gamalt, trekkfullt hus der termostatane i bruksromma er skrudde ned til 15 grader. Likevel er straumrekninga på rundt 10.000. Gjett om eg blir glad om eg, ved ei misforståing, får ein straumseljar på tråden. Sist det skjedde, sa eg som sant var: Eg ventar ein anna telefon, eg er ikkje interessert i nokon ny straumavtale, som eg dessutan ikkje ville vore i stand til å forstå.

Eg sa som sant er, at det han dreiv med, ikkje er samfunnsøkonomisk nyttig, og at eg synest det er ein pest og ei plage at dei ringer. «Synest du det er dumt eg ringer, sjølv om eg vil gi deg den billigaste straumen i marknaden?» kjem det blidt frå den andre enden – før eg ber han halde linja litt mens eg går og lagar meg ein kaffi.

Kvifor eg gidd dette? Jau, no skal du høyre. Eg har drøymt om at seljarane skal merke meg av i systema sine. Når dei ringer meg, skal det sprette opp ei blinkande raud åtvaring, kanskje eit blinkande daudinghovud eller symbolet for radioaktiv stråling, og teksten: «Finn aldri på å ringe til denne mannen!»

Det kjem aldri til å skje, eg har innsett at det er ein fantasi at eg som individ kan kjempe mot systema. Alt eg oppnår med å vere uhøfleg, er å kome i dårleg humør og skape ein negativ energi som blir hengande igjen etterpå.

Då eg for ei stund sidan venta telefon frå England, tok eg telefonen då eg blei ringd opp av eit nummer frå England. Det var ikkje den eg trudde, men ein fyr som ville selje meg aksjar, heilt klart rein svindel. Jaha, her er det berre å gå rett på mora, tenkte eg, og fortelje han kor mykje ho skammar seg over han og det han driv med.

Samtalen slutta slik: «Fuck you! No. Fuck YOU! NO, NO, fuck YOU!!!» Og så vidare. Ja, eg veit det. Det går heilt klart ut over sjølvrespekten. Det er midt på formiddagen, og eg er i idylliske vetle Lillehammer, men det er som eg er ein full mann som står og roper ut av eit vindauge i eit slumstrøk i Manchester.

Eg hugsar ein gong vi som gutar diskuterte tortur. Ein venn av meg, ein smarting som heitte Jon, som vi andre rekna som ein autoritet i spørsmål som dette, visste kva form for tortur som er den mest effektive og geniale som er funnen opp: kinesisk dropetortur. Det er berre å feste hovudet til offeret og sakte la det drype éin og éin drope vatn i panna på han. Folk som blei utsette for dette, kom til å bryte saman og fortelje alt. Og om torturen heldt fram, kom dei til å tørne for resten av livet.

Kva slags mental effekt har det på oss, at vi er tvinga til bu i ein digital kloakk? Det gjer oss ikkje til lallande vrak. Eg veit også at mange taklar denne kvardagen mykje betre enn eg, og får adblock og spam-filter til å fungere. Men i lengda går denne kvardagen ut over det mentale velværet til mange av oss, og kanskje helsa. Ingen slepp uskadd frå konstant å vere omgitt av kommers, støy, svindel, porno, reklame og andre typar ubehag. Vi blir dummare, surare, skitnare og meir kyniske, men mindre harmoniske og nøgde. Gjærande dunstar stig opp frå ein mørk avgrunn, stanken breier om seg, og til slutt blir vi så vande med lukta at vi ikkje merkar ho sjølv. Det er ikkje sunt å puste i denne lufta.

Kanskje spør du no: Kva er det han vil? Å skru tida tilbake til 80-talet, då det ikkje fanst sosiale medium, e-post og mobiltelefonar, då det var vanskeleg å få tak i folk og ein skreiv brev på papir? Det er akkurat det eg skulle ønske, om eg fekk velje. Det ville utan tvil vore betre for konsentrasjonen og den mentale helsa til dei fleste av oss.

Men eg får ikkje velje. Ingen får det. Verda er berre blitt slik, og vi skal visst berre ta imot.

Morten A. Strøksnes er journalist i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.

Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons

TeknologiFeature
Per Thorvaldsen

Elektromagnetisk krigføring

Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.

Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.

Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB

Ordskifte
Olaug Bollestad

Blottet for etiske refleksjoner

Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.

Teikning: May Linn Clement

KunngjeringarKultur
Frank Tønnesen

Votten

Like ved der huset til Olav og Margit så vidt kan skimtast bak ein haug, heng ein blaut vott i toppen av ei brøytestikke. Ein liten gut står på tå og prøver å rekke opp.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis