Ønskjer pressa velkomen etterRedaktør Helge Lurås vedgår at han er urøynd i mediebransjen, men meiner framleis det er alle andre redaktørar som har gjort feil i Grande-saka.

Redaktør Helge Lurås vedgår at han er urøynd i mediebransjen, men meiner framleis det er alle andre redaktørar som har gjort feil i Grande-saka.

Sjølvsagt skal media avdekkje forhold som ikkje har kome til rettsvesenet, meiner Resett-redaktør Helge Lurås.
Sjølvsagt skal media avdekkje forhold som ikkje har kome til rettsvesenet, meiner Resett-redaktør Helge Lurås.
Publisert

For ikkje så altfor lenge sidan var Lurås ei kjend stemme i samfunnsdebatten. Han jobba i Norsk Utenrikspolitisk Institutt (NUPI) og vart stadig hanka inn til å kommentere utanrikspolitiske saker. Så kom innvandringskritikken, angrepet på multikulturalismen. Han slutta i NUPI, oppretta eit enkeltmannsføretak og fordufta frå mediebiletet. Heilt til han vart redaktør for den høgrevridde nettstaden Resett i fjor sommar.

– Vi har sett dagsordenen på ei sak og eit felt. Ikkje at hendinga i seg sjølv var så frykteleg viktig å setje fokus på, men prosessen som har vore rundt hendinga, er det, seier Lurås.

Sjølv om den ferske redaktøren får kjeft frå alle hjørne av Medie-Noreg, meiner han sjølv han har gjort det einaste rette. Vi tok ein prat med Lurås om Grande-saka og kva ho kan få å seie for både Resett og resten av media.

– Folk har trudd at eg sit og kokar i hop argument for å legitimere det eg har gjort, men eg meiner det heilt seriøst: Dersom ein sit med ein sånn posisjon og har slike løyndomar, ville ein ikkje fått sikkerklarering. Det veit eg frå bakgrunnen min i etterretningstenesta.

– Kvifor ikkje? Grande har ikkje gjort noko ulovleg?

– Det er ikkje heilt avklart enno.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement