Ønskereprise: draumen om Erna

Høgre som sivilisert styringsparti, eit liberal-konservativt og fanatisk moderat folkeparti.

Erna er framleis stjerna i Høgre.
Erna er framleis stjerna i Høgre.
Publisert

Støre-regjeringa møtte raskt motvind frå alle kantar. Arbeidarpartiet mista det vesle løftet dei fekk i stortingsvalet. Dei fell i takt med vatnet i kraftmagasina og har lågare prosenttal i meiningsmålingar enn pumpeprisen på bensin. Det hjelper ikkje på basisen at lufta har gått ut av Senterpartiet, som er nede på grunnfjellet.

Stortingsmandata ligg fast til 2025, men for å ha veljarfleirtalet i ryggen, må Støre telja med både det krevjande SV og parti han ikkje liker. Høgre kan førebu seg på tilbod om breie forlik i åra framover.

HØGRE STURA sjølvsagt etter valnederlaget, men klarte overgangen til opposisjon godt. Dei gjekk ikkje i dvale og grov seg ikkje ned. Dei slipte ikkje knivane og gjekk i strupen på kvarandre for å fordela skuld. Det var liksom ikkje Erna sitt ansvar at regjeringsmakta gjekk tapt; det var småpartnarane som svikta. Erna bar fana vidare, og brikkene fall harmonisk på plass i personalpolitikken utan øydeleggande interne oppgjer. Nå er dei størst på meiningsmålingane, med god margin.

Høgre har klart det Arbeidar­partiet ikkje makta då dei var størst i Solbergs regjeringstid: å vera det klaraste, mest samlande, synlege og tydelege opposisjonspartiet. Framstegspartiet, Venstre og KrF jaktar på markeringssaker, men det blir mykje skrik og få svar i veljarskogen. Høgre står for den opposisjonelle kraftbalansen utan å sløsa med energi. I grunnen sit dei ganske stille i båten og plukkar opp flytande veljarar.

DET ER UÅR PÅ TALENT i Arbeidarpartiet. Slik har det har vore etter at ein generasjon direkte og indirekte blei ramma av Utøya. Sidan har fleire leiande kadrar fått skit på vengene etter uheldige private disposisjonar på hotellrom og pendlarhyblar.

I Høgre har dei meir å ta av. Rett nok har påleggskalven Torbjørn Røe Isaksen konvertert til kommentariatet, og dei har avla fram eit par kloningar av Linda Hofstad Helleland. Likevel har dei eit solid arbeids­lag og dyktige og taleføre stjerner som kan bygga bru til nye høgder. Og i tråd med det som har vore normalt i ein mannsalder, samla valnemnda seg om ein homofil nestleiar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement