Omstridde skattekutt
Økonomiprofessor Kalle Moene set spørsmålsteikn ved om forslaget til redusert formuesskatt gjev fleire arbeidsplassar.
Finansminister Jan Tore Sanner og statsminister Erna Solberg har presentert framlegget til statsbudsjett for 2021 frå regjeringa.
Foto: Heiko Junge/NTB
– Statsbudsjett for 2021 skal handtere ei økonomisk krise. Korleis vurderer du framlegget til statsbudsjett i lys av koronakrisa?
– Det verkar som om regjeringa kjem med fornuftige tiltak for å handtere viktige utfordringar. Det er ikkje lett å vite heilt korleis ein skal få økonomien tilbake i normalt leie. Regjeringa prioriterer jobbskaping og å redusere arbeidsløysa ut frå den informasjonen dei har.
– Regjeringa legg opp til å bruke 313,4 milliardar kroner av oljeinntekta. Det er om lag 90 milliardar kroner mindre enn i 2020, men over 60 milliardar kroner meir enn i 2019. Kva vil du seie om oljepengebruken?
– Det som er viktig, er kva pengane går til. Vi har restriksjonar på bruk av oljepengar, men det er jo meininga at ein skal bruke meir i krisesituasjonar enn når tidene er gode. Det ligg i logikken i handlingsregelen. Regjeringa har redusert bruken litt og ligg ganske nær 3 prosent av Oljefondet, sidan fondet er verdt meir enn for to år sidan.
– Regjeringa vil senke formuesskatten, eller skatt på arbeidande kapital, som regjeringa kallar det. Prislappen er 1,37 milliardar kroner. Kva effekt kan ein vente av eit slikt skattekutt?
– Dette er omdiskutert. Det kom nettopp ein rapport frå Frischsenteret som seier at det er der formuesskatten er høg at arbeidsplassar vert skapt. Om regjeringa ville redusere skatt på arbeidande kapital og redusere ulikskap, kunne dei gjort det på ein annan måte. Dei kunne gjeve skattelette til tilsette som kjøper aksjar i eiga bedrift. Rimelege aksjar til tilsette ville slått fleire fluger i eitt smekk – både omfordeling av formue og mindre skatt på arbeidande kapital. Det vert gjeve skattelette for kjøp av aksjar i budsjettforslaget, men her kunne ein teke meir i. Regjeringa kunne tenkt på dette som eit ledd i skattlegging av formue generelt. Om dei er skeptiske til eit slikt forslag, kan det vere fordi dei er opptekne av å verne om status quo.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.