Omrekna i flyktning-ekvivalentar
IS-kvinna var ein frigjerande sjølvmordsbombar i den kjedelege regjeringa Frp måtte ut av.
Statsminister og Høgre-leiar Erna Solberg (t.v.) og finansminister og Frp-leiar Siv Jensen klare for å drøfta skilsmålet i Dagsrevyen på NRK måndag kveld. Programleiar Tom Nilssen i midten.
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
Før helga var tida ute for Erna Solbergs mareritt av ei draumeregjering. IS-kvinna kom til Noreg med barn og utan nikab medan Siv Jensen var i Roma. Då var det fleire enn dei vanlege kattane som hadde heime-aleine-fest og dansa på bordet i Framstegspartiet. «Vi» og «dei andre» i regjeringa var spikra før partileiaren fekk summa seg og innsåg at for å halda taumane, måtte ho ty til Monty Pythons devise frå Life of Brian: «I am their leader, I must follow them». (Først formulert av Alexandre Auguste Ledru-Rollin, fransk politikar under revolusjonen i 1848.)
FRAMSTEGSPARTIET blei stempla for å mangla moralsk kompass av den grå, utvatna og kjedelege statsministeren som ikkje ville ha eit dødt barn på si vakt. Med kniven i ryggen tok dei krenka til å skryta av sin gode moral, men som Vertinna minner om: Den som finn slikt turvande, blir mistenkt for frynsete og dårleg moral. På den andre sida er Vertinna samd med Framstegspartiet i at alle utvegar ikkje var prøvde for å få henta barnet heim utan mora: Barnevernet kunne ha hyra inn nokre tøffe karar med ferie frå Telemarksbataljonen og sendt dei nedover som kidnapparar.
VÅRT BEGER er fullt, sa Siv Jensen då ho hadde tatt temperaturen på partiet. Dei mest konspiratoriske meinte at det antatt sjuke barnet var eit påskot «dei andre», og særleg dei to små tullepartia bak isfronten i regjeringa, brukte for å blir kvitt Fræmspartiet.
Det var ikkje lenger nok å visa til søsterkyrkjene og plattforma frå det fornuftige tvangsekteskapet på Granavollen. Det kjendest vammelt å leva med kompromiss, løyna bommane, sjå dårlege meiningsmålingar, spela begeistra, bli køyrde i svarte bilar og gnaga på politiske bein. Det var ikkje lenger gøy på jobben. Det var på tide å finna att sin eigen identitet, sjølv om mange av rådgjevarane partiet har ala opp og fødd fram, må gå til Nav og søka attføringspengar.
Tida var inne for kravliste, reforhandling, redefinering, motytingar, ny kurs og meir tydelege gjennomslag.
KRAVLISTA kom aldri. Det var ikkje råd å finna ein felles politisk valuta for likt og ulikt. Kva skulle flyktning-ekvivalenten vera? Ei IS-kvinne mot 1000 færre kvoteflyktningar? Strengare krav til familiegjenforeining? Forbod mot nikab? To generasjonar før statsborgarskap på prøve?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.