Om språk og lektorar

Etter lærarstreiken i 2014 vart det sett ned eit arbeidstidsutval. No har Norsk Lektorlag trekt seg frå sluttrapporten av di han er uklar og ikkje svarar på mandatet. «Samtidig må det tas høyde for at reflekterende fellesskap består av reflekterende enkeltindivider.»

Publisert Sist oppdatert

Streikar kjem og streikar går over, og stort sett vert dei aldri hugsa. Men streiken mellom lærarane i 2014 vert hugsa. For i tingingane med Kommunenes Sentralforbund (KS) forhandla leiaren i Utdanningsforbundet, Ragnhild Lied, bort den fleksible arbeidstida til lærarane, og presenterte avtalen som ein siger. Medlemane, derimot, meinte at avtalen var eit tap, og nekta å akseptera mykje fastare kontortid og lengre dagar.

73 prosent sa enkelt og greitt nei til avtalen som Norsk Lektorlag heller ikkje kunne godtaka. Enden på visa vart at lærarane streika gjennom sumarferien, og den 1. september gav KS opp. Lærarane fekk stort sett behalda den arbeidstida dei hadde. Lied på si side gjorde som leiarar plar gjera når dei feilar, ho gjekk til ein betre betalt jobb som leiar for Unio.

PSU?

Men noko fekk KS. Dei fekk eit såkalla partssamansett utval (PSU) som visstnok skulle sjå nærare på både arbeidstid og anna. Utvalet vart sett ned i 2014, og skulle få tida heilt fram til 31. desember 2017 til å gjera rapporten ferdig. Men den 15. juni hadde utvalet sluttemøte, og vedtok sluttrapporten som vart lagd fram den 20. juni. I utvalet var både Utdanningsforbundet, Skolenes landsforbund, Skolelederforbundet og KS med. KS hadde den såkalla sekretariatfunksjonen, altså var det dei som skreiv. I tillegg var Norsk Lektorlag (NLL) med. Eller rettare sagt, Lektorlaget var med fram til og med 15. juni, men trekte seg i møtet, og sette ikkje signaturen sin under rapporten.

I møtet gav Lektorlaget fylgjande grunngjeving: «Det partssammensatte utvalget ble nedsatt som en følge av en konflikt om undervisningspersonalets arbeidstid. Et hovedpunkt i mandatet er å utrede alternative arbeidstidsordninger der det tas hensyn til forhold som kan variere for ulike skoleslag. Norsk Lektorlag mener mandatet ikke er innfridd og kan derfor ikke stille seg bak/signere rapporten. Slik rapporten foreligger, er den således ikke noe godt grunnlag for nye forhandlinger om SFS 2213 (arbeidstidsordninga, red.merk.), slik mandatet forutsetter.»

Det er for å seia det slik ikkje heilt uforståeleg at NLL kom til at dei ikkje kunne signera rapporten. Dag og Tid har lese han, og også vi slit litt med å forstå kva rapporten spør om og eventuelt kva han svarar på. «Samtidig må det tas høyde for at reflekterende fellesskap består av reflekterende enkeltindivider. For at den enkelte skal kunne bidra til refleksjoner i fellesskap kreves tid til individuelle forberedelser», er ikkje utypiske setningar. Så la oss sjå nærare på kva KS, som har ansvaret for kvaliteten i skulen, skriv, og kva alle andre lærarorganisasjonar enn NLL er viljuge til å signera.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement