Om handel og zombiarIdear som burde døydd for lenge sidan, kan framleis ete politikarhjernar.Nesten 40 år har gått sidan Daniel Patrick Moynihan erklærte at Det republikanske partiet var blitt eit idéparti. Og det er framleis sant, men med ei justering: Fo
Idear som burde døydd for lenge sidan, kan framleis ete politikarhjernar.
I 2011 var arbeidsløysa i USA på 9 prosent, og ein sterkare dollar ville ha gjort ting verre, skriv Paul Krugman.
Foto: John Minchillo / AP / NTB scanpix
Nesten 40 år har gått sidan Daniel Patrick Moynihan erklærte at Det republikanske partiet var blitt eit idéparti. Og det er framleis sant, men med ei justering: For tida er republikanarane eit parti av zombi-idear. Det er idear som burde ha døydd for lenge sidan, likevel ravar dei vidare, og dei et framleis politikarhjernar.
Den viktigaste av desse zombiane er insisteringa på at tilbodssida i økonomien er det som tel: Skattekutt for dei rike skal føre til økonomiske mirakel, og difor er det ei oppskrift på katastrofe å heve skattane for dei rike. Trua på denne doktrinen overlevde både den sterke veksten som følgde etter skatteauken under Bill Clinton, og den svake veksten og finanskrisa som kom etter skattekutta til George W. Bush.
At Donald Trump nyleg valde Larry Kudlow som leiar for det nasjonale økonomiske rådet, stadfestar at skattekuttzombien framleis er oppe og går. Kudlow har kolsviartru på dei uavgrensa fordelane med skattekutt, trass i at denne trua har fått han til å kome med ei rekkje spådomar som har gjort «spektakulære mistak til ei form for utøvande kunst», slik Jonathan Chait ein gong skreiv i New York Magazine.
Men økonomisk politikk handlar ikkje berre om skattar. Trump sjølv, som vil skrive under på alle vedtak om skattekutt som Kongressen sender til han, verkar langt meir interessert i internasjonal politikk, og særleg i spørsmålet om handelsunderskot, som han ser på som eit stort vonde. Og det er der ting blir interessante.
For no når «globalistar» som Gary Cohn har forlate Det kvite huset, er alle som skal gje Trump råd om internasjonal økonomi, tilhengjarar av zombi-idear. (Gary Cohn gjekk av som leiar for Det nasjonale økonomiske rådet 6. mars, red. merk.) Det er faktisk to ulike fraksjonar i sving her, og båe tek heilt feil, men på heilt ulike måtar. Ein kan hevde at når det gjeld internasjonal handel, er Trump-verda på veg mot ei form for borgarkrig mellom ulike zombigrupper.
På den eine sida har vi nymerkantilistane. Folk som Peter Navarro, den fremste rådgjevaren til Trump i handelsspørsmål, ser på verdshandelen som ei soge om vinnarar og taparar: Land med overskot på handelsbalansen vinn, land med underskot på handelsbalansen taper.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.