Sideblikk

Om å vinna i Statens pengelotteri

Det er marknaden som rår. Det klarer ikkje Støre og Vedum å revidera seg bort frå.

Å koma seg inn på bustadmarknaden er ikkje berre berre for førstegongskjøparar.
Å koma seg inn på bustadmarknaden er ikkje berre berre for førstegongskjøparar.
Publisert

Revidert nasjonalbudsjett blei lagt fram i går (før denne spalta måtte skrivast) – «revidert» mellom venner og fiendar, RNB for dei akronyme i regjeringsapparat, byrå og forvaltning. Per definisjon er det ei oppdatering av «hovedtallene for norsk økonomi og regjeringens syn på gjennomføringen av den økonomiske politikken».

I tider med stabile rammevilkår og fast styring er RNB berre ei løypemelding med varsel om endringar i globalt økonomisk klima og konjunkturar som fører til skiftande vinddrag her heime. Og som følgje av det: mindre justeringar i statsbudsjettet, tilpassa ytre omstende og indre overraskingar.

I ÅR ER DET ANNLEIS på grunn av krig, pandemi, kompensasjonar, bondeinntekter, lite nedbør og andre forviklingar. Det er pøsa ut milliardar for å motverka hardnakka pest og høge prisar. Nå skal det summerast opp og betalast for. Derfor treng statsbudsjettet meir enn forsiktig saumfaring og ny saldering; det må vera røynleg revidert, for landstad og by.

Tida er forbi for den detalj-selektive og omtrentlege Vedum. Nå må valløfte frå Hurdalssjøen konkretiserast, sorterast og prioriterast, i tillegg til alt det vonde og leie som har kome til sidan og gjort handlingsrommet endå trongare. Statsrådane må revidera salmebøkene sine, der det faste refrenget har vore: «Det må vi komme tilbake til i revidert.» Nå må dei inn i reelle dragkampar med nære venner og potensielt allierte for å få det ombygde statsbudsjettet gjennom i Stortinget.

DET ER FAKTISK tredje gong AS-regjeringa legg fram eit statsbudsjett som i grunnen ikkje er deira eige. Det første hadde dei dårleg tid til å omarbeida etter Solberg og Sanner, salderinga før jul var berre nødvendig flikking, og nå er det så mange unormale utgifter og inntekter at dei ikkje får sett sitt sanne stempel på statsbudsjettet denne gongen heller.

Det er til hausten, 6. oktober, Støre og Vedum skal få klart fram den nye kursen. I mellomtida må regjeringa ri på bølgjene og sigla dit marknadane fører oss, for som ein liten og open økonomi er Noreg ein kork på verdshavet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement