JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Om å seia meir enn ein trur

Eg kan hissa meg opp i trafikken, og det skjedde her ein dag. Årsaka var korkje problem med vikeplikta eller rundkøyringskrøll, men eit bilskilt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I ein amerikansk kontekst er bodskapen på skiltet noko slikt som «ædda bædda, olja, sjå kor bra bilar det finst med alternative energikjelder».

Montasje: Marcio Jose Sanchez/Dag og Tid

4191
20180601
4191
20180601

I nesten eitt år har folk kunna betala for å få laga spesialtilpassa bilskilt. Det gjev språkfolk nye ting å tenkja på.

Me har lenge sett slike skilt i amerikanske filmar. For 9000 kroner kan du kjøpa deg retten til eit bilskilt med to til sju norske teikn for dei neste ti åra. Eit slikt skilt følgjer heldigvis personen, ikkje bilen. Det kunne ha blitt vanskeleg å selja ein bil med skilt som BRANN eller ROSNBRG. Krava for å få godkjent teksten på eit slikt bilskilt er tredelt. Teiknkombinasjonen må korkje vera støytande, til ulempe for nokon eller krenka varemerkerettar. Det er klart at du ikkje vil møta ein bil med banneord som FAEN eller merkenamn som COLA. Det er likevel ikkje alltid lett å avgjera kva som er støytande eller til ulempe for nokon.

Hendinga

Kva var det så som hende? Ein bil fliste forbi meg på motorvegen. Trass manglande bilinteresse har eg googla meg fram til at det var ein Tesla Model X. Farten gav merksemd, og skiltet førte til at eg vingla i den vesle firesetaren min. Og så hissa eg meg opp. Nokon har ikkje gjort jobben sin. Teiknkombinasjonen var støytande for omverda – og eg meiner at han dermed er til ulempe for nokon, kan hende både bileigaren og nordmenn flest.

Kva var så dette skiltet som gjorde ein sindig filolog trafikkfarleg? Ikkje MISTER eller SUNPOWR eller KONEMOR, sjølv om eg må innrømma at eg i eit likestillingsperspektiv kan hissa meg bitte litt opp over sistnemnde også. Skiltet som førte til at eg vifta med armane og snakka med meg sjølv, altså eit bilskilt eg intenst kommuniserte med, hadde teksten LOL OIL. For dei som ikkje er inne i SMS-språk, er LOL ei forkorting for laughing out loud, og signaliserer at den som skriv, synest noko er morosamt.

Dei er meir enn ein trur

Kva forstod eg av LOL OIL? Eg høyrde først og fremst:

1. Ædda bædda, alle andre, eg arbeider i olja og har råd til å kjøpa ein Tesla X for ein haug med pengar.

2. Ædda bædda, alle andre, olja subsidierer innkjøp av elbil, og eg kjøpte denne for pengane dykkar.

3. Ædda bædda, alle utlendingar, sjå kva me kan skaffa oss for oljepengane våre.

Eit bilskilt er ei kommunikasjonshandling. Det har ein avsendar, ein bodskap og ein mottakar. Å bestemma kven avsendaren og mottakaren er, vart vanskelegare enn eg trudde. Og det endra også bodskapen i LOL OIL. Bileigaren er på sitt vis avsendaren og har forfatta bodskapen. Han har sannsynlegvis hatt ein mottakar i tankane. Men bileigaren kan også stå som representant for ulike grupper: for Tesla-eigarar, elbileigarar, kan hende for folk som arbeider i olja, og for nordmenn generelt. Bodskapen på skiltet kan vera retta mot andre bilistar, mot utanlandske bilistar, mot heile verda.

Avhengig av kven ein oppfattar som avsendar og mottakar, endrar bodskapen seg. Eg tvilar på at formålet til bileigaren var å få meg til å hissa meg opp. Eg tvilar til og med på at han tenkte på at nokon kunne forstå LOL OIL på dei tre relativt provoserande måtane eg først gjorde. Eg vil tru at bileigaren såg seg sjølv som avsendar utan å tenkja på at han representerer ulike grupper, kven mottakarane var, eller korleis andre kunne lesa teksten hans.

Kan hende henta han inspirasjon frå den amerikanske Tesla Roadsteren med same skilt som er avbilda i fleire bloggar. I ein amerikansk kontekst er bodskapen på skiltet noko slikt som «ædda bædda, olja, sjå kor bra bilar det finst med alternative energikjelder». Det er dette eg trur den norske bileigaren ville kommunisera. Men i ein ny kontekst, der rikdomen til individ og stat stammar frå olja, endrar bodskapen seg. Grunnen til at 5,11 prosent av alle registrerte bilar i Noreg er elbilar (ssb.no), og at me er det billegaste elbillandet i verda, er ein lette i skattar og avgifter på 5,8 milliardar i 2017 (tal frå faktisk.no 27.3.2018).

Kva er grunnen til at norske styresmakter kan gjera slike tilretteleggingar? Olja. LOL OIL.

Ingvil Brügger Budal er mellomalderforskar og norskdidaktikar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I ein ny kontekst, der rikdomen til individ og stat stammar frå olja, endrar bodskapen seg.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis