JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

«Olyckliga gatan»

62.000 innbyggjarar i Noreg står utan vegadresse. Naudetatane slit med å finne fram.  

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ambulansen greier ikkje alltid å finne fram.

Foto: Erik Johansen / NTB scanpix

3009
20190104
3009
20190104

På vegen ned mot hamna høyrer vi sagelydar frå ein hage i nabolaget. Vi er i 2012, på ein av dei i snitt fire solfylte dagane i året på Sunnmøre. Eg strekkjer nakken etter lyden. Naboen har klatra nesten høgst i eit prydtre. Han sagar så barnålene fyk.

– Berre han ikkje dett ned, seier veninna.

Framme på ein av moloane som stengjer fjorden ute, har vi gløymt både naboen og treet. Så høyrer vi helikopterdur. Mannen har falle ned.

Mot slutten av desember melde NRK at om lag 62.000 nordmenn ikkje hadde vegadresse på staden dei bur. Og ambulansen greier ikkje alltid å finne fram i naudssituasjonar. I dei tre kommunane Agdenes, Selje og Rødøy i Nordland finst det ikkje ei einaste vegadresse.

– Det er skremmande. Personen kan trenge naudhjelp, men så greier vi ikkje å finne han, seier ambulansearbeidar Knut Erik Haugen ved Universitetssjukehuset i Nord-Noreg til NRK.

Ein innbyggjar i Ballangen fortel at ambulansen ein gong kom for seint til å berge dei som trong hjelp. Og på Rødøy måtte ein familie oppgje gards- og bruksnummer då ei kvinne vart akutt sjuk. For i takt med at ambulansesentralar vert lagde ned og alarmsentralar sentraliserte, forsvinn lokalkunnskapen.

– Dei som sit på 113, har ikkje lokalkjennskap til øya, og då kan ein ikkje forklare kvar ein er heller, seier dottera til kvinna til Avisa Nordland førre veke.

I tillegg held svært få norske ambulansar seg innanfor tidsgrensa på 25 minutt i naudssituasjonar sjølv når dei veit kvar dei skal, ifølgje NRK i fjor.

I 2011 stilte styremakta krav om at alle bustader skulle ha vegadresse innan 2015. Og i 2013 hadde 540.000 menneske framleis ikkje sett opp nummerskilt på husveggen. I slutten av 2014 mangla 370.000 menneske adresse på hus og hytter. Så, dersom det bergar liv, kvifor vert det ikkje prioritert?

Eg tenkjer på bygda der eg vaks opp. Det fanst ikkje vegadresser, og 22 eigedomar manglar framleis adresse. Då eg sende julekort til ei barndomsveninne, skreiv eg berre postnummer på konvolutten. Hadde det halde å seie «det gule huset før fabrikken» til naudetatane i dag?

Det er kommunane sjølve som har ansvaret, finn eg ut. Adressekravet er ikkje lovfesta, kommunane sjølve må finansiere arbeidet og følgje retningslinjene for stadnamn frå Kartverket. Eg tenkjer jamvel at det ikkje kan vere så vanskeleg når vi har både Elvis Presleys vei, Utslettveien, Lyckliga gatan og Buseneset i Noreg.

Attende på moloen ser vi det signalgule helikopteret flyge fram og tilbake som ein enorm kolibri.

– Veit dei ikkje kvar dei skal, spør eg.

Men denne kommunen var ein av dei første i fylket til å oppfylle adressekravet, og til slutt landar helikopteret midt i bustadfeltet. Eg skal nok forsikre meg om at staden eg oppheld meg på, har adresse, neste gong eg klatrar opp i eit tre.

Mone Celin Skrede er frilansjournalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Hadde det halde å seie «det gule huset før fabrikken» til naudetatane i dag?

Emneknaggar

Fleire artiklar

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis