Sideblikk
Olsenbanden og den rike mannen
Sjeldan har så mange mektige fått så mange læringspunkt om så mykje på så kort tid.
Leiar i hovudstyret til Noregs Bank Øystein Olsen og påtroppande leiar for kapitalforvaltninga Nicolai Tangen møter pressa.
Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix
Sentralbanksjefen hadde dårleg gangsyn og var sta som ein kamel. Men den rike mannen slapp ikkje gjennom det parlamentariske nålauget før han sette pengane i banken.
Dette er fritt etter Skrifta (Mark 10,25). Det er Jesu kommentar til ei hending austanfor Jordanelva der ein mann kom springande og fall på kne, skrytte av at han hadde levd etter alle boda heile livet, og spurde kva han skulle gjera for å få evig liv. Meisteren fekk han kjær og mælte: «Éin ting manglar du: Gå bort og sel alt det du eig, og gjev det til dei fattige; då skal du få ein skatt i himmelen. Kom så og følg meg!» Då mannen høyrde dette, fór det som ein skugge over andletet hans, og han gjekk sturen bort, for han var svært rik.
NICOLAI TANGEN kjenner nok denne parabelen, for han var aktiv i det kristelege skulelaget i fødebyen. Sidan har han brukt sitt talent for talentar og blitt umåteleg rik på å ta risiko og flytta pengar dit dei gir stor forteneste og lite skatt. Det er læringspunkt for mange der.
Han gav bort mykje til verdig trengande, men hadde framleis rikeleg att. Han frakta gode venner og nyttige nettverk til draumeseminar med sting. Han donerer dyre målarstykke til dei danna i Kristiansand, og slik har han fått ein flik av evig liv i ein silo. Det er læringspunkt der òg.
Nicolai Tangen er ein forførar. Tidlegare varaordførar frå KrF i Kristiansand seier at han blei tatt på senga av Tangens sjenerøse kunstgåve, så han gløymde at det ville bli dyrt for byen å husa kunsten.
NICOLAI TANGEN er eit ekstraordinært tilfelle. Olsen og hovudstyret i Noregs Bank lét seg forføra av at han ville ta pause frå livsverket sitt i London for å gå i offentleg teneste og gjera Oljefondet til eit finansielt og moralsk fyrtårn i verda.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.