Oljeselskapa skrur på straumen
No er det meir enn grønvasking. Dei store europeiske oljeselskapa satsar seriøst på fornyeleg energi.
Pumper på ein British Petroleum-stasjon i London 10. juni. Drivstofforbruket fall bratt i Storbritannia i vår på grunn av koronakrisa. Det har sett fart på nytenkinga i BP.
Foto: EPA / NTB scanpix
Det var historisk sus over framtidsplanane som British Petroleum la fram for tre veker sidan. Eitt av dei største oljeselskapa i verda – det fjerde største, målt etter inntektene i 2018 – planlegg noko som liknar eit hamskifte. Og den nye hamen er meir grøn enn svart. BP vil trappe ned leiteaktiviteten, redusere produksjonen av olje og gass med 40 prosent innan 2030 og tidoble investeringane sine i andre energiformer i same periode, frå fem til femti milliardar kroner årleg.
Overraskande nok vart dette nyhendet godt motteke i aksjemarknaden: Kursen til BP steig med åtte prosent, sjølv om planane inneber langt mindre utbyte til aksjeeigarane i åra som kjem.
Nye tankar
Dei nye BP-planane er den største grøne vendinga frå ein petroleumsgigant til no. Men også dei andre store oljeselskapa i Europa tenkjer i liknande banar. Franske Total har investert i batteriproduksjon, solceller i Spania og vindkraft i Skottland. Shell og BP har satsa på ladestasjonar for elektriske bilar, i tillegg til vindkraft, solenergi og annan lågutsleppsteknologi. Dette ser ikkje lenger ut som symbolsk grønvasking, det liknar på ei verkeleg kursendring.
Eitt teikn på det var prioriteringane til oljekolossen Shell da oljeprisen kollapsa i vår. Inntektene til selskapet vart nesten halverte i første kvartal. Shell kutta ikkje berre hardt i utbyta til eigarane, noko som før har vore eit tabu, men òg i dei planlagde investeringane sine. Og nesten halvparten av kutta var i leiteverksemda etter ny olje og gass. Investeringane i fornybar energi vart derimot stort sett skåna for kutt.
Shell-sjef Ben van Beurden forklarte dette valet med den store energiovergangen som er undervegs i verda, ei dreiing bort frå fossilt brensel. «Overgangen kan kome til å gå enda fortare når verda skal hente seg inn att etter krisa, og Shell ønskjer å vere i ein god posisjon for den overgangen», sa han til Bloomberg 30. april.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.