Oljeselskapa skrur på straumen
No er det meir enn grønvasking. Dei store europeiske oljeselskapa satsar seriøst på fornyeleg energi.
Pumper på ein British Petroleum-stasjon i London 10. juni. Drivstofforbruket fall bratt i Storbritannia i vår på grunn av koronakrisa. Det har sett fart på nytenkinga i BP.
Foto: EPA / NTB scanpix
Energi
peranders@dagogtid.no
Det var historisk sus over framtidsplanane som British Petroleum la fram for tre veker sidan. Eitt av dei største oljeselskapa i verda – det fjerde største, målt etter inntektene i 2018 – planlegg noko som liknar eit hamskifte. Og den nye hamen er meir grøn enn svart. BP vil trappe ned leiteaktiviteten, redusere produksjonen av olje og gass med 40 prosent innan 2030 og tidoble investeringane sine i andre energiformer i same periode, frå fem til femti milliardar kroner årleg.
Overraskande nok vart dette nyhendet godt motteke i aksjemarknaden: Kursen til BP steig med åtte prosent, sjølv om planane inneber langt mindre utbyte til aksjeeigarane i åra som kjem.
Nye tankar
Dei nye BP-planane er den største grøne vendinga frå ein petroleumsgigant til no. Men også dei andre store oljeselskapa i Europa tenkjer i liknande banar. Franske Total har investert i batteriproduksjon, solceller i Spania og vindkraft i Skottland. Shell og BP har satsa på ladestasjonar for elektriske bilar, i tillegg til vindkraft, solenergi og annan lågutsleppsteknologi. Dette ser ikkje lenger ut som symbolsk grønvasking, det liknar på ei verkeleg kursendring.
Eitt teikn på det var prioriteringane til oljekolossen Shell da oljeprisen kollapsa i vår. Inntektene til selskapet vart nesten halverte i første kvartal. Shell kutta ikkje berre hardt i utbyta til eigarane, noko som før har vore eit tabu, men òg i dei planlagde investeringane sine. Og nesten halvparten av kutta var i leiteverksemda etter ny olje og gass. Investeringane i fornybar energi vart derimot stort sett skåna for kutt.
Shell-sjef Ben van Beurden forklarte dette valet med den store energiovergangen som er undervegs i verda, ei dreiing bort frå fossilt brensel. «Overgangen kan kome til å gå enda fortare når verda skal hente seg inn att etter krisa, og Shell ønskjer å vere i ein god posisjon for den overgangen», sa han til Bloomberg 30. april.
Sjokk på sjokk
Også BP verna sine eigne investeringar i fornybar energi da koronakrisa og oljekrigen mellom Russland og Saudi-Arabia fekk oljeprisen til å rase i vår. Dette prisfallet ser i seg sjølv ut til å ha sett fart på omstillinga til fleire av dei store oljeselskapa. I første kvartal i år fall etterspurnaden etter olje med heile 30 prosent – eit sjokk utan like i historia.
«Kjem etterspurnaden nokon gong til å kome attende dit han var? Det er vanskeleg å seie», sa Shell-sjef van Beurden.
Krisa i vår var dessutan det tredje oljeprissjokket på 12 år: Også i 2008 og 2014 fall prisane dramatisk, og denne mangelen på stabilitet er krevjande for ei næring som er vand til å investere i prosjekt som skal leve i mange tiår. «Vi ønskjer å kome oss vekk frå volatiliteten (svingingane, red.merk.) og uvissa», sa ENI-sjef Claudio Descalzi til The New York Times denne veka, som forklaring på kvifor selskapet vil satse meir på andre energiformer.
Mørke utsikter
Uvissa om framtidig oljepris er vanskeleg å handtere for alle oljeselskap i verda i dag, og selskapa nyttar tydelegvis ikkje same krystallkule når dei skal spå. Når til dømes BP planlegg å dreie vekk frå petroleum og over på andre energiformer, heng det saman med kva oljepris selskapet ventar seg i tiåra som kjem. I juni justerte BP ned forventingane sine til langsiktig oljepris med 27 prosent. Selskapet ser no for seg ein snittpris på 55 dollar fatet i perioden 2021–2050. Slike justeringar er ikkje trivelege å gjere for eit oljeselskap: Verdiane til BP måtte dermed skrivast ned med 170 milliardar kroner.
Equinor mot Paris
Av alle europeiske oljeselskap er det norske Equinor som er mest optimistisk når det gjeld oljeprisen i framtida, syner ein oversikt frå tenkjetanken Carbon Tracker Initiative. Equinor ser for seg at prisen skal vere 80 dollar fatet i 2030. Anslaget har fått kritikk frå fleire oljeanalytikarar for å vere urealistisk høgt. Det liknar òg på eit veddemål på at verda ikkje skal nå klimamåla i Paris-avtalen: Ein så høg framtidig oljepris er neppe sameinleg med dei utsleppskutta som må til å for å halde den globale oppvarminga under to gradar. Equinor-leiinga seier sjølv at dette ikkje er noko veddemål mot Paris-avtalen, men at 80 dollar er det mest realistiske anslaget deira for langsiktig oljepris.
Klimakart
Veddemål eller ei: Om Equinor ser for seg ein så høg oljepris i framtida, gjev det ein svakare motivasjon enn BP har for å flytte investeringane sine over i reinare energiformer. Likevel har selskapet lagt fram ganske ambisiøse planar for å bli grønare i profilen. Sjølve namnebytet til Statoil i 2018 var eit signal om dette: Namneendringa «støtter vår strategi og endringer som allerede er igangsatt for å bli et bredt energiselskap», heitte det.
Planane om å forsyne plattformene med straum frå land er ikkje så imponerande: For det første blir dei aller fleste av kostnadene dekte av staten, for det andre ville den same straumen truleg hatt større klimaeffekt om han vart brukt til å erstatte fossil kraft i andre europeiske land.
Attåtnæring
Equinor-satsinga på havvind må derimot kallast ambisiøs. Selskapet er mellom anna tungt inne i verdas største havvindutbygging på Doggerbank i britisk sektor i Nordsjøen, og det har vore ein pioner i utviklinga av flytande vindturbinar til havs. Målet er at fornyeleg energi skal utgjere mellom 15 og 20 prosent av investeringane til Equinor i 2030. Men til skilnad frå BP har ikkje Equinor varsla noka nedtrapping av petroleumsverksemda si i tiåra framover: Fornyeleg energi skal halde fram med å vere ei attåtnæring. Equinor planlegg å auke produksjonen av olje og gass i åra som kjem og leitar framleis etter petroleum i kring 20 land.
Equinor-leiinga har så langt ikkje fått nokon særleg sterk motivasjon verken frå hovudeigaren, altså den norske staten, eller frå aksjemarknaden for å leggje om kursen for alvor. Men dette kan endre seg. Det er ikkje berre uvissa om framtidig etterspurnad etter olje som endrar utsynet i bransjen. Også politisk press og omsynet til omdøme er med på å drive europeiske oljeselskap over mot meir berekraftige investeringar. Og desse endringane viser att i aksjekursane.
Oljefallet
Så seint som i 2011 var det fire oljeselskap på Financial Times’ topp-ti-liste over dei høgast verdsette børsnoterte selskapa i verda, og ExxonMobil trona øvst. I dag er ingen oljeselskap inne på topp-ti-lista. Men dette har mykje med forventingane til framtida å gjere: Selskap som blir oppfatta som framtidsretta, blir ofte prisa langt høgare enn inntektene deira skulle tilseie. Det danske energiselskapet Ørsted, som selde seg ut av petroleumsbransjen og satsa på havvind, gjekk i mars forbi Equinor i marknadsverdi. Det skjedde trass i at Equinor tente meir enn seks gonger så mykje pengar som Ørsted i fjor, påpeika Finansavisen.
Den same effekten er sett på spissen i USA, der dei store oljeselskapa har valt å bli ved sin lest og har investert lite i fornyeleg energi. ExxonMobil, verdas største selskap for sju år sidan, er i dag mindre verdt enn elbilprodusenten Tesla, som ikkje byrja å tene pengar før i fjor.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Av alle europeiske oljeselskap er det norske Equinor som er mest optimistisk når det gjeld oljeprisen i framtida.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
«Rørslene me skildrar som vipping, er gjerne større og kjem mindre tett enn dei me omtalar som vibrering.»
Foto: Agnete Brun
Med den monumentale boka Sjøfareren Erika Fatland gitt oss eit uvant, og skremmande, perspektiv på europeisk kolonialisme.
Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.
Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB
Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.
Kongsbonden Johan Jógvanson bur i den Instagram-venlege bygda Saksun. Men sjølv om han skjeller ut turistar, er det ikkje dei han er forbanna på. Det er politikarane inne i Tórshavn.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Turistinvasjonen har gjort Johan Jógvanson til den sintaste bonden på Færøyane.
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB
Kapitulasjon i klimapolitikken
Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.