Olga Meyer (1930–2018) Olga Meyer sette spor i norsk mediehistorie med ei lang rekkje samfunnsprogram i NRK radio, blant anna i «Sånn er livet», «Kvardagen» og «Forbrukaren har ordet». Dei siste fem åra som journalist skapte ho stor interesse med innsamla
Olga Meyer vart portrettintervjua i Dag og Tid i 1998.
Foto: Tiril Rem
Olga Meyer sette spor i norsk mediehistorie med ei lang rekkje samfunnsprogram i NRK radio, blant anna i «Sånn er livet», «Kvardagen» og «Forbrukaren har ordet». Dei siste fem åra som journalist skapte ho stor interesse med innsamla dyrehistorier, fortalde i Nitimen i 1995–2000. Ho gav også ut fem bøker med desse historiene om dyr frå heile Noreg. Olga Meyer var eit heilstøypt, ærleg, hjarteleg menneske. Snobberi og jåleskap stod lågt i kurs.
Ho voks opp på gard i Fana sør for Bergen og kjende seg sterkt knytt til Distrikts-Noreg og jordbruket. Olga var ein kløppar til å reparere nettinggjerde og hadde blikk for korleis ein sau skal sjå ut. Èin rase stod over alle andre – gleda over å sjå ein sjeviotsau langs vegen kunne svekke Olga som sjåfør.
Ho utdanna seg til lærar i Volda og underviste blant anna på Ekeberg i Oslo. I alle år etterpå tala ho varmt om elevane sine der. Etter eit kvileskjer til sjøs vart ho i 1969 tilsett som programsekretær i NRK. Det var ikkje tilfeldig kven som sørgde for det: Hartvig Kiran, nynorskmann og sjef for opplysingsavdelinga i radio. Olga Meyer var heile livet ein solid støttespelar for nynorsken. Ho var æresmedlem i Noregs Mållag og fekk Kringkastingsprisen i 1981.
I jubileumsboka Med hjartet på rette staden. Kringkastingsringen 50 år 1955–2005, skriv Olga om ei oppleving på husmøtet i NRK, der sjefar og programmedarbeidarar møttes:
«På dette første husmøtet mitt hende det noko som fekk meg til verkeleg å spissa øyro. Det galdt pålegg frå NRK-leiinga om meir nynorsk i radiosendingane: Elster viste til at han tidlegare hadde gjeve programavdelingane melding om å sjå til å auka nynorskprosenten, men utan at han hadde vore fornøgd med resultatet.»
To avdelingar fekk klar beskjed om å ta saka alvorleg og koma med nye opplegg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.