Økonomi
Vanlege folks nedtur
Regjeringa nektar å hjelpe bilistane med avgiftslette, og slik bør det vere, meiner sjeføkonom Kjersti Haugland.
FYLLEANGST: Drivstoffprisane set stadig nye rekordar i Noreg.
Foto: Geir Olsen / NTB
Bensinprisane nærmar seg 30 kroner literen, men finansminister Vedum og resten av regjeringa vil ikkje setje ned drivstoffavgiftene. Kjersti Haugland er sjeføkonom i DNB Markets.
– Mange spør kvifor regjeringa ikkje vil gjere noko for å hjelpe bilistane.
– Det er ei litt komplisert forklaring. Men etterspørselen i norsk økonomi er høg. Vi ser at det er knapt med arbeidskraft mange stader, og det er høg temperatur i økonomien. Om staten set ned drivstoffavgiftene, vil det gje folk meir kjøpekraft, noko som aukar prispresset enda meir på andre område.
– Folk ville i så fall bruke pengane dei sparte på bensinen, til å kjøpe andre ting?
– Ja. No ville eit slik avgiftskutt isolert sett ha ein dempande effekt på inflasjonen, ved at drivstoffprisane ville gå ned. Men samstundes ville det skape ny etterspørsel, fordi forbruket flyttar seg over til andre varer og tenester. Og det kunne få Noregs Bank til å framskunde rentehoppa sine. Vi reknar med at renta om eitt år kjem til å vere 2 prosentpoeng høgare enn i dag.
– Det er vel vanskeleg å seie sikkert at eit avgiftskutt på drivstoff fører til raskare renteoppgang?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.