Med skulane som hjørnesteinar
Det er dyrt å drive ein halvfull skule. Men kostnaden ved å flytte elevane om skulen blir nedlagd, er vanskelegare å rekne ut.
Høyanger i Vestland er ein relativt urban industristad, men talet på innbyggarar går éin veg. I fjor mista dei Tronvik, ei ruseining med 50 tilsette under Helse Førde. Å miste den vidaregåande skulen vil vere endå ein spikar i kista.
Foto: Marit Hommedal / NTB
Utdanning
marita@dagogtid.no
Denne veka varsla Vågan kommune i Nordland om at dei vil legge ned Gimsøy oppvekstsenter. Bygget er nytt, kosta 87 millionar kroner og erstatta ein skule i elendig forfatning. Problemet er at kommunen ikkje hadde råd til å bygge ny skule.
Under opninga i april uttrykte ein rørt pedagogisk leiar håp om at fleire ville flytte til øya no når dei har ein god skule.
– Eg trur dette kan vere veldig stort, sa ho til Lofotposten.
– Men vi ser ikkje alle effektane enno.
Denne veka såg vi éin effekt, då folk ropte «La bygda leve!» utanfor rådhuset i Svolvær.
Som ein FAU-representant sa: Å legge ned skulen er spikaren i kista for Gimsøya.
Kister og dommedag
Det blir fleire kister framover, også for vidaregåande skular. Denne veka varsla Østfold fylkeskommune at dei i tillegg til å luke ut fag vil legge ned både Borg vidaregåande skule og enten Kalnes eller Greåker vidaregåande skule i Sarpsborg. Dei tre skulane har til saman 2500 elevar som, same kva politikarane landar på, blir råka av omlegginga.
Går vi fem år tilbake i tid, var det store protestar i Nordland. NRK melde om «dommedag» då 29 linjer ved 16 skular blei vedtatt nedlagde fordi elevtalet var for lågt til at politikarane kunne forsvare å oppretthalde dei.
I 2013 var det 3327 16-åringar i Nordland. I 2019 var talet 2868. I år er det rundt 1500. Nettopp derfor fjerna fylkeskommunen barne- og ungdomsarbeid, brønnteknikk og mange andre fag. Ved Narvik vidaregåande skule la dei ned heile medie- og kommunikasjonslinja, vg1 service og samferdsel og vg2 sal, service og tryggleik.
Nordland fylkeskommune ville legge ned fiske- og fangstlinja i Øksnes, men i den endelege innstillinga blei linja bevart. Til NRK sa fylkesrådsleiar Tomas Norvoll at dei ombestemte seg fordi dei innsåg at det var ei forhasta avgjerd å ta.
– Kor driv ein økonomisk forsvarleg, og kor er det læreplassar, spurde lærar Jan Roger Knudsen retorisk i NRK-reportasjen.
– Jo, i Vesterålen.
Mageplask
Hoppar vi til Vestland, har det vore varsel om store kutt. Dei vidaregåande skulane har 2500 ledige plassar. Ifølge Vestland fylkeskommune kostar det over 500 millionar kroner å halde dei tomme plassane i live.
I siste liten blei mange linjer redda. Men Høgre og Framstegspartiet stemte mot.
– Dette er tidenes mageplask, sa Elias Eide (H) i opplæringsutvalet i Vestland fylkeskommune i førre veke.
NRK og lokalaviser siterer Eide på at «fleirtalet held veljarar, foreldre og elevar for narr».
Eide argumenterer med at det må bli verre: Om ti år er talet på ledige plassar 5000.
Politisk usemje
Åsmund Berthelsen (SV), leiar i hovudutvalet for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune, gir eit meir utfyllande syn på saka:
– Vedtaket fylkestinget har gjort, vil gi ei innsparing på 94,6 millionar kroner og redusere talet på elevplassar med 777 dei neste ti åra, utan at vi treng å legge ned skular.
Samtidig er det naturleg å slå saman skular, seier han. På Os, til dømes, blir to skular éi eining som etter kvart blir samlokaliserte. I Førde blei to einingar til éi i fjor, og Høyanger vgs blir no ei avdeling under Førde vgs.
– I Høyanger er det ikkje lenger grunnlag for studiespesialisering. Skulane har laga ein avtale som sikrar at skulen tilbyr yrkesfag retta mot nærings- og arbeidslivet i Høyanger. I avtalen står det òg at vg1 studiespesialisering skal lysast ut.
Åsmund Berthelsen (SV), leiar i hovudutvalet for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune
Protestane har vore store. Høyanger vidaregåande skule er eit livsgrunnlag i den gamle aluminiumsbastionen, som hadde 5500 innbyggarar på 70-talet, og som no har 3879. I fjor hadde skulen 80 elevar, mot 150 for få år sidan.
– Fordi talet på elevar, næringslivets behov og utdanningsønska er i endring, vil skuletilbodet endre seg frå år til år. Elevane søker ut frå kva fag som finst ved skulane, og tilbodet blir justert ut frå talet på søkarar, påpeikar Berthelsen.
– Det Høgre og Framstegspartiet vil, er å gå frå klasse- til elevfinansiering. Skal skuletilbodet vere basert på stykkprisfinansiering, veit vi kor pengane går: til skulane som klarer å fylle alle plassane. Resultatet blir sentralisering.
Privatisering
Det handlar om å ta vare på både elevane, lokalmiljøa og næringslivet. Derfor må ein kunne drive skular som ikkje er fulle, poengterer Berthelsen.
– Viss ein tenker rein økonomi, og krev at alle skuleplassane skal vere fylte, kan ein starte nedlegginga med det same. Vi treng ein finansieringsmodell som gjer at ein greier å drive halve klassar der det er behov for det.
Han understrekar at det var eit breitt fleirtal for løysinga fylkestinget kom fram til.
– Alle partia unntatt Høgre og Framstegspartiet støtta vedtaket som sikrar ein desentralisert skulestruktur i Vestland.
Slik han ser det, kan resultatet av Høgres politikk òg bli ytterlegare privatisering.
– I Vestland er det over 3000 plassar i private skular, dei fleste i Bergen sentrum. Høgre og Framstegspartiet foreslår å ta ned 600 elevplassar i dei fylkeskommunale skulane i bergensområdet. Då vil fleire søke seg til private skular, som kan fylle opp kapasiteten sin og med det tappe fylkeskommunen for midlar.
«Tvungen omskolering»
Også LOs skuleforbund har kritisert stykkprisfinansieringsmodellen, der fylkeskommunen kan bestemme at ein må ha minst 9 søkarar for å oppretthalde ein klasse med 15 plassar. Dette inneber at viss berre 8 elevar søker seg til den lokale helsefaglinja, blir ho nedlagd, sjølv om det lokale næringslivet har plass til – og behov for – lærlingar.
«Dette skaper årlig fare for overtallighet og frustrasjon», skriv forbundet på LOs nettsider. «Stykkprisfinansieringen resulterer i brå avslutning av studietilbud og tvungen omskolering for elever, som ofte fører til lavere motivasjon og høyt fravær.»
Åsmund Berthelsen, som har vore på skulane i Vestland og lytta til innvendingane elevar og tilsette har, bruker Austrheim vidaregåande skule som eksempel.
– Der fryktar mange at dei må flytte til Bergen.
På Austrheim vgs går det elevar som bur ein halvtime unna, og som utdannar seg til ein jobb dei får, til dømes på Mongstad. Berre på PSW Technology har dei 14 lærlingar i år. No slit lokale verksemder med å få tak i automatikarar, fordi automatiseringslinja ved skulen blei lagd ned i 2018. Likevel føreslo politikarane i vår å fjerne bygg- og anleggslinja og køyretøylinja, i tillegg til vg2 og vg3 studiespesialiserande. I siste liten fekk skulen behalde fleire plassar enn venta.
Hybelliv
At elevar må flytte for å gå på skule, er gjerne eit første steg vekk frå lokalsamfunnet. Blir ei kokkelinje nedlagd, flyttar dei som vil bli kokk, til ein stad der linja finst. Får dei jobb der, spørst det om dei flyttar heim igjen.
Tal frå Lånekassen og Utdanningsdirektoratet viser at 24.500 elevar bur på hybel. Fylket med den høgaste andelen hybelbuarar er Nordland; her bur nær éin av tre på hybel. Fylket med flest hybelbuarar er Vestland: 3870.
Å måtte bu på hybel på ein stad som Førde treng ikkje vere negativt. I ei undersøking ved fire vidaregåande skular i Vestland – Austevoll, Voss, Eid og Firda – kom det fram at ingen av elevane som budde på hybel, slutta på skulen. Generelt sluttar ein fjerdedel av dei som begynner på vidaregåande.
Samtidig vil det vere 15–16-åringar som ikkje finn seg til rette på ein skule med opp mot 1000 framande, i ein ny by, aleine eller i eit kollektiv. Skulesentrum som Førde og Bodø er attpåtil pressområde med høge leigeprisar.
«Betalt utanforskap»
Utvalet bak NOU-rapporten Det handler om Norge, ofte kalla demografimeldinga, som kom i 2020, kjem med ulike forslag til løysingar som kan bidra til å hindre sentralisering, som at skular på mindre stader får ei spesiallinje som tiltrekker seg elevar, slik Firda vidaregåande skule har, eller at skular med svakt elevgrunnlag bygger internat.
Ifølge opplæringslova (paragraf 7-2) har fylkeskommunane plikt til «å hjelpe til med å skaffe losji for elevar i vidaregåande skole som bur slik til eller som har så lang veg at dei ikkje kan nytte dagleg skyss til skolen. Om nødvendig skal fylkeskommunen byggje elevheim».
Men sjølv om Noreg er eit av landa i verda med færrast innbyggarar per kvadratkilometer, 15, er kostskulekulturen svak. Dei fleste internatskulane er naturbruksskular, toppidrettsskular eller kristne skular.
Å bygge og drive eit internat, med tilbod om mat og aktivitetar og vaksne som følger opp elevane, kostar. Enkelte fylke, som Innlandet, som har ein del internatplassar, bruker meir enn nok på skuleskyss. I fjor brukte Innlandet fylkeskommune 245 millionar kroner på drosje til elevar som lid av skulevegring, sosial angst eller andre psykiske vanskar.
40 milliardar på eit år
Justert for kjøpekraft og omgjort til dollar bruker Noreg langt fleire pengar per elev enn andre OECD-land. I 2019, som er det siste året det finst tal for, brukte Noreg 44 prosent meir per elev på vidaregåande enn gjennomsnittet og meir enn dei andre nordiske landa. Ifølge tal frå Utdanningsdirektoratet brukte fylkeskommunane til saman 31,3 milliardar kroner på vidaregåande opplæring i 2021, 181.600 kroner per elev.
I tillegg blei det brukt 4,3 milliardar på fagopplæring i arbeidslivet, 2,7 milliardar på tilskot til vidaregåande friskular og nær 800 millionar på tilbod til vaksne – ein auke på 12 prosent frå 2019.
Ein elev på yrkesfag, der ein ofte har mindre klassar og dyrt utstyr, kostar 26.100 kroner meir per år enn ein på studieførebuande. Naturbruk er eit av dei dyraste programma. Her kan elevane spesialisere seg innan blant anna fiske og fangst, landbruk, skogbruk og akvakultur – spesiallinjer, altså, som mange må reise langt for å gå på.
Tar du vg1 naturbruk i Mosjøen, må du til Kautokeino viss du vil ta vg2 reindrift eller til Aurland viss du vil ta vg2 økologisk jordbruk. Går du på vg1 naturbruk i Førde og vil ta vg2 akvakultur, kan du velje blant fem skular i fylket, men alle ligg rundt 300 kilometer unna.
Når ein ser på kva linjer som blir lagde ned, er dei ofte spesiallinjer, trass i at det no er fleire som søker seg til eit praktisk fag enn til studiespesialiserande.
Eit knyttneveslag
På Firda vidaregåande skule på Sandane ligg den einaste dans- og dramalinja i det gamle Sogn og Fjordane. Ein av dei mange NRK-seriane som handlar om livet på vidaregåande, Lovleg, er spelt inn her og gir eit godt bilde på korleis det er å bu på hybel i Distrikts-Noreg. Men både i 2020 og i år varsla Vestland fylkeskommune at dei ville legge ned linja.
«Vi treng dagens tilbod på Firda VGS for å rekruttere nye talent til kultursektoren og gje dagens unge eit kreativt opplæringstilbod», skreiv leiarar ved over 30 kulturinstitusjonar i Vestland, blant andre Teater Vestland og Bergen Nasjonale Opera, i eit opprop i april.
«Å ta vekk dans- og dramatilbodet (…) kjennest som eit knyttneveslag både mot kulturlivet og skaparkrafta i fylket vårt. Vi er klare over at søkartalet (…) er relativt lågt det komande skuleåret. Vi vil likevel be om at tilbodet vert starta. (…) Vi veit at tilboda i Bergen er fylte opp med andre ungdommar. Dersom ein skal kunne ha breidde i opplæringstilbodet, og oppretthalde eit sterkt kompetansemiljø, må ein tole at det nokre år er noko lågare elevtal i enkelte grupper.»
Bygningsmasse
Samtidig blir det bygd nytt og stort rundt om. Førde vidaregåande skule, med 1000 elevar og 250 tilsette, opna i fjor haust: Skulen er nær 30.000 kvadratmeter stor og kosta rundt 860 millionar kroner å bygge.
Også Askøy vidaregåande skule opna i fjor, med plass til 1000 elevar – 200 fleire enn dei har.
– Det blir òg bygd ny skule i Kvam i Norheimsund, kan Berthelsen i Vestland fylkeskommune fortelje.
Her blir det plass til 400 elevar som kan ta teknikk- og industrifag, elektro- og datateknologi eller helse- og oppvekstfag, blant andre, og det blir lagt opp til eit tett samarbeid med næringslivet. Prisen er 500 millionar kroner.
– Men kva skjer med den gamle bygningsmassen når ein skule flyttar? Kva skjer med bygget Hafstad vgs heldt til i før elevane blei flytta til Førde vgs?
– Det har Sunnfjord kommune kjøpt for cirka 100 millionar. Planen er å bygge det om til ungdomsskule.
– Men er det behov for ein ny ungdomsskule i Førde?
– Det er det ikkje.
Berthelsen ler kort.
– Planen er å flytte Førde barneskule til ungdomsskulen like bak, og flytte ungdomsskulen til Hafstad. Det gjer ein for å kunne bygge nytt omsorgssenter der barneskulen ligg.
Kommunen må kort sagt gjere store endringar i skulestrukturen for å komme i land økonomisk.
– Men det er sjølvsagt ei heilt anna sak.
Ein beskyttelsesfaktor
Ja, skule kostar. Men at ungdommar ikkje går på skule, kostar meir. I dag får over 40.000 nordmenn mellom 18 og 34 år uføretrygd. Talet på uføretrygda som er under 30 år, har dobla seg sidan 2010. Ein innbyggar som aldri kjem seg i jobb, kostar samfunnet 15,9 millionar kroner.
Utdanningsdirektoratet rapporterer om at talet på elevar som mistrivst og føler seg utanfor, stig. Éin av seks elevar har over 50 timar fråvær, og særleg ved store skular har arbeidsmiljøet blitt dårlegare. Det påverkar òg læringsresultata.
Derfor har direktoratet endra opplæringslova: Fylkeskommunane må frå i år av følge opp elevar til dei er 24 år, gi lærlingar tilgang til rådgiving, arbeide for å sikre ein god overgang frå ungdomsskulen til vidaregåande og følgje opp elevar med fråvær. Men mange fryktar at å legge opp til lengre reiseveg – eller nettundervisning, som enkelte ser på som eit alternativ – vil føre til meir fråvær og utanforskap.
I ein studie som blei publisert i førre veke, kjem det fram at i kommunar som har ein vidaregåande skule, er det færre som blir ståande utanfor. Som Chris Rønningstad ved VID Vitenskapelige høyskole, som står bak studien, seier i eit intervju i Forskning: Ein lokal skule er ein sterk beskyttelsesfaktor.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Små-ulovleg: Godtet er smått, men er denne reklamen retta mot små eller store menneske? Det kan få alt å seie dersom ei ny forskrift vert vedteken.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
«Om høyringsinnspela frå Helsedirektoratet vert inkluderte, risikerer ein å kriminalisere heilt vanleg mat.»
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
Teikning: May Linn Clement
«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»
Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.
Foto: Another World Entertainment
Propaganda på agendaen
Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.