Økonomi

Godt betalt for å leige ut til staten

Lønsgaloppen i Entra var ei hovudpine for politikarane i mange år.

Publisert

Sjølv om Entra vart skapt som eit heilstatleg selskap, med låg risiko takk vere lange, trygge leigeavtalar, fekk leiinga ei forbløffande lønsutvikling som gjorde selskapet lønsleiande i bransjen. I 2000 fekk administrerande direktør Erik Løfsnes ei årsløn på 1,1 millionar kroner. Men i 2004, etter at Bondevik-regjeringa hadde sett inn tre næringslivsleiarar i styret, fekk Entra eit bonussystem som fekk fart på sakene. Takk vere dei gode resultata til selskapet fekk Løfsnes i 2005 heile 3,2 millionar i løn og anna godtgjersle. Bonusen utgjorde ein fjerdedel av løna. I 2006 kom Riksrevisjonen med hard kritikk av bonussystemet i Entra: Resultata kom ikkje berre på grunn av flinke leiarar. Dei hang òg saman med at verdiane i Entra vart sette for lågt ved etableringa, med utviklinga i eigedomsmarknaden generelt og med renteutviklinga.

I 2007 måtte Løfsnes gå av etter å ha halde attende informasjon overfor Riksrevisjonen i ei anna sak, men han kunne trøyste seg med etterløn i 18 månader. Og lønsgaloppen i Entra heldt fram. Etterfølgjaren Kyrre Olaf Johansen fekk i 2010 over seks millionar i løn, pensjonsordning og andre ytingar.

Men lønsnivået vart ikkje kalla ein skandale før tidlegare Ap-politikar Rune Olsø vart tilsett som Entra-sjef i 2012 – sjølv om han skulle nøye seg med kring fire millionar i løn og godtgjersle, ifølgje NRK.

I samband med Olsø-saka kom det òg fram at drifta av Entra neppe var så kostnadseffektiv som politikarane håpa da dei skapte selskapet. Av dei 163 tilsette i Entra hadde 51 ei leiarstilling, skreiv Aftenposten i 2012 – «for eksempel kvalitetssjef, miljøsjef, forvaltningssjef, regnskapssjef, finanssjef, finansdirektør, investeringssjef, prosjektsjef, senior prosjektsjef, prosjektdirektør, teknisk direktør, innkjøpsdirektør, kommunikasjonssjef og kommunikasjonsdirektør». Og dei administrative kostnadene hadde gått frå 40 millionar i 2001 til 186 millionar i 2011.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement