Økonomi
Framtida er ikkje det ho eingong var
Når kjem dei eigentleg, dei store vinstane frå datarevolusjonen?
Paradoks: Kvar nye generasjon med datamaskiner og programvare skal vere raskare og meir effektiv enn den førre. Likevel blir vi ikkje meir produktive. Biletet er frå ein databutikk i Sydney, kort tid etter lanseringa av Windows 1998.
Foto: Rick Rycroft / AP / NTB
Tilsynelatande lever vi i ein epoke med rivande utvikling. Det har gått inflasjon i prat om innovasjon, og mange av innovasjonsvisjonane handlar om digitalteknologien som skal forenkle og effektivisere arbeidet på nesten alle felt. For tida er det særleg framveksten av kunstig intelligens som skaper von om store vinstar (og frykt for at vi menneske skal bli overflødige).
Det er ein gammal draum at datamaskinene skal omkalfatre arbeidsliv og industri og gjere oss langt meir produktive. Datamaskinene ville føre til «den største teknologiske revolusjonen menneska har opplevd», spådde den britiske forfattaren og kjemikaren C.P. Snow i 1966. Og på nokre måtar kan det framleis vise seg å stemme.
Paradoks
Men da den amerikanske økonomen Robert Solow i 1980-åra prøvde å finne dei økonomiske vinstane av datarevolusjonen, kom han fram til eit merkeleg resultat: Det såg ikkje ut til at den nye teknologien gjorde folk meir produktive – snarare tvert imot.
I ein mykje sitert artikkel i The New York Times i 1987 skreiv Solow: «Det alle har opplevd som ein teknologisk revolusjon, ei drastisk endring i det produktive livet vårt, har overalt blitt følgt av ein reduksjon av produktivitetsveksten, ikkje ein auke. Du kan sjå datamaskinalderen overalt bortsett frå i produktivitetsstatistikken.» Dette fenomenet vart kjent som Solow-paradokset eller produktivitetsparadokset.
Stagnasjon
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.