Ein vinglete strategi
Den norske regjeringa har strevd i nokre år for å lokke datagigantane hit til landet, så langt med nokså lite hell.
peranders@dagogtid.no
Elavgifta for datasenter vart sett ned til nesten null i 2016, på line med annan kraftkrevjande industri. Og i 2018 la regjeringa fram strategien Norge som datasenternasjon, med vyar for korleis Noreg kunne bli «et av verdens mest attraktive land for datasentre og databasert næringsliv». I tillegg til minimal elavgift vart dataindustrien mellom anna lova lågare skatt, raskare saksbehandlingstid og nye fiberkablar til utlandet. Slik skulle Noreg få fleire arbeidsplassar og auka verdiskaping.
Alt same året responderte ei rekkje selskap på invitasjonen og søkte om å få byggje datasenter i Noreg – særleg i kraftkommunar. Men da det viste seg at ei rekkje av søknadene kom frå selskap som skulle utvinne kryptovaluta, kom kritikken. Og regjeringa fekk kalde føter. Slik pengeproduksjon var ikkje sett på som heilt stovereint. Kryptovaluta var ikkje berre assosiert med spekulasjon, men òg med skatteunndraging og annan kriminalitet. Dessutan førte det ikkje til særleg verdiskaping i Noreg.
Regjeringa og KrF vedtok i 2019 at kryptovalutaselskap skulle betale vanleg elavgift. Utvinning av digital valuta er «ikke lønnsomt for Norge», sa Henrik Asheim (H), leiar i finanskomiteen, til NRK: «Det krever mye kraft, men skaper ingen verdier i Norge. Derfor foreslår vi å ta dette unna nå før det blir et problem, i stedet for å gjøre det når det har blitt et problem.»
Ikkje så lett
Men det vart eit problem. Å skilje mellom kryptovalutautvinning og meir høgverdige føremål i datasentera var visst ikkje så lett. Dessutan kunne det bli trøbbel med ESA på grunn av EØS-avtalen. Og i ein høyringsrunde var den norske databransjen svært negativ til eit slikt skilje – for kryptovaluta kunne jo vere like bra som annan dataindustri, og noko skal vi jo leve av etter oljen.
Ein av dei som åtvara skarpt mot vedtaket, var Roger Schjerva. Han var ein gong politikar for SV, men i 2018 var han sjeføkonom i IKT-Norge. «Dette vil jage kryptovaluta-minerne til Sverige og Danmark. (...) Vi sier bare nei til inntekter og jobber i mange kommuner i Norge. Vi kan bare håpe at politikerne forstår at energikrevende databehandling er noe av det vi skal leve av i framtida», skreiv Schjerva i ei pressemelding. Og han og resten av bransjen fekk viljen sin: Kryptofolket fekk attende avgiftsfritaket og kan produsere bitcoin med subsidiar frå den norske staten.
Det største
Til no har ikkje datasenterbygginga eigentleg teke av i Noreg, men ei rekkje planar er undervegs. Sidan 2018 har 52 datasenter søkt Statnett om å få kople seg på straumnettet, skreiv Klassekampen sist veke.
Alle desse sentera blir neppe realiserte. Og kor mykje straum dei som blir bygde, kjem til å bruke, er òg i det blå. Den nøkterne prognosen til Statnett er at datasenter i Noreg kan kome til å bruke kring åtte terawattimar i 2040, skriv Klassekampen. I så fall er det nesten like mykje straum som heile Oslo brukar i dag. Det høge scenarioet til Statnett var på nesten det dobbelte: 15 TWh i 2040.
Når det gjeld teknogigantane som regjeringa håpa å lokke til å byggje datasenter i Noreg, har dei stort sett late vente på seg. Men Microsoft opna faktisk to senter for såkalla skylagring i 2019, eitt i Oslo og eitt i Stavanger. Og i 2018 kjøpte Google ei 2000 mål stor tomt i Skien, til eit mogleg framtidig datasenter. Sjølv utan byggjeplanar utløyste kjøpet stor entusiasme lokalt: «Dette er det største som har skjedd i min tid», sa ordførar Hedda Foss Five til Varden.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.