Sideblikk
Og det var den pandemien. (Tulla!)
Stigande forventningar om rask gjenopning og «normalitet» svekker tilliten til Erna.
Publikum med koronasertifikat fekk stå på tribunane og sjå at Karsten Warholm sette ny verdsrekord i 400 m hekk menn under Bislett Games 2021.
Foto: Fredrik Hagen / NTB
Sveriges evige statsminister og folkhemmets farsfigur, Tage Erlander (1901–1985), fann opp de stigande förväntningarnas missnöje. Med det meinte han at når folk flest fekk betre velferd og meir solide plattingar å dansa det sitt personlege liv på, kravde dei endå meir samfunnsinnsats og betre offentleg garantert tryggleik.
Norske sosialdemokratar annekterte tankemåten og begynte å klaga over at folk flest tenkte stadig meir på seg sjølve og svikta solidariteten. Svaret var at «framgangen kommer til å fortsette», men at folk ikkje kunne venta å få alt på ein gong: å få sin rettmessige plass i køen var eit teikn på sivilisasjon og fordeling.
HØGREREGJERINGa har opplevd litt av det same når det gjeld gjenopning av samfunnet. Lenge levde stats- og detaljministeren og helse- og klemmeministeren høgt på tillit til at koronapolitikken var fornuftig og nødvendig. Folk fylkar seg rundt flagget i farlege tider, men liker ikkje sushi på Geilo.
Det har vore meir trøblete å opna enn det var å stramma til og stenga. Gjev du folk ein fri finger, vil dei ha heile handa. Det er meir misnøye med unormaliteten etter kvart som det blir mindre av han.
Når det ikkje lenger er forbode å vera meir enn to eller tre samla, men 20, finn folk det urimeleg at det ikkje er 200 eller 2000. Når det er lov å drikka alkohol til maten på kafé, er det misnøye med at ein ikkje kan drikka til klokka tre. Når fleire slepp karantenehotell, aukar misnøya med at gjennomtesta og kjær familie likevel ikkje får koma på besøk. Då er medietida inne for enkeltlagnader.
Det er eit teikn på at legitimiteten sviktar, når raljeringa skyt fart, som denne: «Det gjøres unntak fra karantenebestemmelsene for kjæresteforhold under ni måneder når paret kan dokumentere at de har gjennomført minst 30 av NRKs anbefalte samleiestillinger i Schengen-området i løpet av 72 timer før ankomst til Riket.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.