NyttMange som sver til minimalisme i hus og heim, har som prinsipp at éin ting må ut om ein annan skal inn. Har du lyst på ein stressless, må den gamle lenestolen ut av huset. Har du råd til eit 65” fjernsyn, hiv du sjølvsagt ut den gamle boksen som stal e
Mange som sver til minimalisme i hus og heim, har som prinsipp at éin ting må ut om ein annan skal inn. Har du lyst på ein stressless, må den gamle lenestolen ut av huset. Har du råd til eit 65” fjernsyn, hiv du sjølvsagt ut den gamle boksen som stal ein kvadratmeter av stova.
Nyleg skulle eg hente ein fjernkontroll som hadde vore på reparasjon. Eg vart møtt av ein effektiv, ung mann som ordna ut. Men då han sette eit nytt fjernsyn på disken, kom eg i stuss.
– Det var berre fjernkontrollen eg leverte inn, altså.
– Å? Er ikkje dette namnet ditt, spurde ekspeditøren og viste meg ordren som hang på TV-en.
– Jau, sa eg, men eg har fjernsynet heime.
Då eg gjekk ut av butikken, slo det meg at eg kunne ha spankulert ut med eit nytt fjernsyn til 4000 kroner – utan å ha betalt fem øre. Men kva skal eg med to fjernsyn? Ikkje trur eg at eg hadde hatt godt samvit om eg såg på «tjuvgodset» heller. Eg kunne naturlegvis ha selt det eller gjeve det vekk. Men det kom først med ettertanken, som ikkje var heilt god.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.