Nyttige tal og relevante tabellarParadoksale sengekameratar er i politisk strid om den statistiske modellmakta.
Paradoksale sengekameratar er i politisk strid om den statistiske modellmakta.
Pressa venta på at SSB-sjef Christine Meyer skulle kome ut etter møtet med finansminister Siv Jensen, men ho gjekk ut bakvegen.
Foto: Mariam Butt / NTB scanpix
Byråsjefen er forbanna. Rett nok har han vore plaga av sjølvmedvitne og arrogante sosialøkonomar som alltid veit at dei veit best. Dei vrangaste er i Byrået. Dei lar seg ikkje styra og meiner at det ikkje dei kan setja tal på, er det ikkje verd å vita. Men Byråsjefen innser at utan dei hadde verken organisasjonar eller forvaltninga i stat og kommune og etatar vore kapable til å gjera sitt samfunnsgagnlege arbeid. Statistisk sentralbyrå (SSB) er sjølve tuntreet i den norske modellen, ei solid eik som ikkje lar seg rokka av politikarar som kjem og går, eller av direktørar av kjøt og blod. SSB har vore som ein trygg holme i faglege motebølgjer og stormar som går over.
BYRÅSJEFEN hissar seg opp over det dei nå held på med i SSB. Han har ikkje bruk for snevre spesialistar som på stivt engelsk og med kompliserte tabellar og figurar, skriv artiklar for ei lita sekt av likesinna fagfellar på nivå to i internasjonale teljekantar. Det må vera eit uheldig utslag av skadeleg kulturell appropriasjon.
Som forvaltar av sin flik av den norske modellen treng Byråsjefen tal, analysar og anslag som er brukande til å hindra at politikarane berre ser fram til neste val. Han treng relevant og samfunnsnyttig kunnskap og tekniske berekningar for å betra tilhøva for folk flest. Og som alle partar kan sameinast om slik at det blir ansvarlege nasjonalbudsjett og lønnsoppgjer. Derfor er Byråsjefen fortvila over at Byrået nå vil avskilta dei mest nyttige og avendelege forskarane.
EIN SOM VILLE ha mista jobben fordi han har vore for oppteken av samfunnsrelevans, er Jens Stoltenberg. Som fersk cand.oecon. (karakter 2,28), med hovudoppgåva Makroøkonomisk planlegging under usikkerhet, la han ungdomspolitikken på hylla for å «vie livet mitt til noe edlere, renere og mer høyverdig». Som konsulent i forskingsavdelinga i SSB arbeidde han på ein doktorgrad der han med den makroøkonomiske modellen MODAG deriverte, interpolerte og prognostiserte optimal utvinning og bruk av inntekter frå den nye oljen.
Stoltenberg plar flørta med at han strengt tatt har hatt permisjon frå SSB sidan miljøvernminister Thorbjørn Berntsen ringde han i 1990 og formidla denne ordren: «Gro har sagt at jeg skal si til deg at jeg gjerne vil ha deg som statssekretær». Seinare balla det på seg, og resten er norsk politisk historie og Nato. Tilbaketoget til akademia har gått.
STOLTENBERGS alternative karriere kunne ha blitt typisk for leiande kadrar i SSB. Etter sosialøkonomi ved Universitetet i Oslo har dei gått den faste ruta i jarntriangelen mellom Byrået, Noregs Bank og Finansdepartementet – som byråkratar eller i den politiske leiinga.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.