JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Nytt utdanningskrav for lærarar

Framover skal alle som vert fast tilsette som lærarar, ha lærarutdanning. Det er eit viktig krav for å motverke lærarmangel, meiner tidlegare kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H).

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Eit lovforslag med krav om lærarutdanning for å verte fast tilsett som lærar i skulen, vart denne veka sendt på høyring.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

5246
20231110

Samtalen

Jan Tore Sanner

stortingsrepresentant for Høgre og medlem av utdannings- og forskingskomiteen

Aktuell

Lovforslag med krav om lærarutdanning for alle lærarar

eva@dagogtid.no

Nær eitt av fem lærarårsverk i grunnskulen og den vidaregåande skulen er i dag utført av ein lærar som ikkje har lærarutdanning. Men denne veka sende regjeringa på høyring eit lovforslag med krav om at dei som skal verte fast tilsette som lærar i skulen framover, må vere utdanna lærarar.

Kravet om lærarutdanning har vore ei kampsak for lærarorganisasjonane, og det har også støtte frå Høgre. Det seier tidlegare kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H), som var saksordførar i utdannings- og forskingskomiteen då opplæringslova vart handsama i Stortinget tidlegare i år.

– For Høgre er det viktig at alle elevar møter ein kvalifisert lærar i klasserommet. Vi veit at gode lærarar er det viktigaste for barns læring og utvikling, seier han.

– I dag seier opplæringslova at den som skal tilsetjast i ei lærarstilling i grunnskule og i vidaregåande, skal ha «relevant fagleg og pedagogisk kompetanse». Framover kan det kome til å stå «relevant lærarutdanning». Men er det så stor skilnad for elevane?

– Det viktige er at vi hevar statusen til læraryrket, og då er det rett å stille krav om lærarutdanning. Då vi sat i regjering, var det sterk auke i søkjartala til lærarutdanninga, fram til 2019. Vi endra òg lærarutdanninga til ein femårig master, stilte tydelegare opptakskrav for å verte lærar, sette i gang ei stor vidareutdanningsreform for lærarar og stilte eigne kompetansekrav for å undervise i norsk, engelsk og matematikk. Og det vart om lag 5000 fleire kvalifiserte lærar i norske klasserom i løpet av regjeringstida vår, men framleis er det mange som ikkje har lærarutdanning.

– Regjeringa har presisert at lærarar som i dag ikkje har lærarutdanning, ikkje skal avskiltast. Men kan ikkje kravet om utdanning likevel fort føre til at skulen framover går glipp av både engasjerte og røynde undervisarar?

– Det er mange både engasjerte og fagleg sterke personar utan lærarutdanning som underviser i dag, men eg meiner det då er viktig å tilby dei løp som gjer at dei også kan få fullført lærarutdanninga.

– Noko av problemet no er at færre vil verte lærar. Kva er det som har gått gale?

– Særleg i kjølvatnet av pandemien har vi sett fleire negative utviklingstrekk i skulen. Det handlar dels om auka fråvær, skulevegring, dels om mobbing og uro og dels om nedgang i søkjartala til lærarutdanninga. Det er viktig å sjå på korleis dei utviklingstrekka skal snuast. Eg er overtydd om at det å løfte lærarutdanninga er eit viktig verktøy. Samstundes må det supplerast med andre verkemiddel.

– Men det er alt lærarmangel, og søkjartala til lærarutdanninga har gått ned dei siste åra. Er det så openbert at krav om at fleire skal ha utdanning, vil snu om på den situasjonen?

– Kristin Clement var på byrjinga av 2000-talet den fyrste som innførte opptakskrav i lærarutdanninga. Då var det mange som frykta at det skulle verte vanskeleg å rekruttere ungdom til læraryrket, men det var det motsette som skjedde. Fleire søkte. Og då vi skjerpa opptakskrava i førre regjeringsperiode og innførte krav om karakteren 4 i matematikk, var det òg fleire som søkte og fleire som fullførte lærarutdanninga. Så det at styresmaktene stiller krav, gjer også utdanninga meir attraktiv. Men det er ikkje nok, det trengst også tiltak for å rekruttere fleire til yrket.

– Regjeringa skal leggje fram ein strategi for å auke rekrutteringa. Kva for tiltak er det du meiner trengst for å få til det?

– Vi sette i 2019 i gang eit pilotprosjekt ved Nord universitet som gjorde det mogleg for dei som underviste i skulen og som hadde byrja på, men ikkje fullført lærarutdanninga, å kombinere undervisning med fullføring av utdanninga. Den piloten meiner vi bør rullast ut og skalerast opp til å verte eit tilbod i heile landet. Vi må òg sjå på rettleiinga av nyutdanna lærarar. Ein del forsvinn ut av yrket ganske raskt, og ein av grunnane er at rettleiinga i dag er for dårleg. Og det siste tiltaket er å få tilbake karrierehøva for lærarar. Vi innførte ordninga med lærarspesialistar, som også fekk høgare løn, men den ordninga vart reversert av dagens regjering. Den må på plass igjen.

– Søkjartala til lærarutdanninga fall med over 20 prosent i år, etter ein storstreik om løn i fjor som enda i tvungen lønsnemnd. Er det ikkje fyrst og fremst løna som er den store elefanten i rommet?

– Løn er sjølvsagt eit element, men det var som sagt fleire som søkte seg til lærarutdanninga fram til 2019 og før pandemien enn i dag, så det er også andre spørsmål som er viktige for å gjere yrket attraktivt.

– Ifølgje forslaget til regjeringa skal det framleis vere mogleg å tilsetje personar utan lærarutdanning mellombels når det er mangel på kvalifiserte søkjarar. Kan ikkje det berre bidra til at det vert fleire mellombels tilsette?

– Nei, men at det i ein overgangsperiode må vere ei unntaksføresegn her, det vil nok alle vere samde om.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis