Nytt år i endra politisk landskapDei ideologiske skilja mellom partia er så små at veljarane kan vassa tørrskodde over.
Dei ideologiske skilja mellom partia er så små at veljarane kan vassa tørrskodde over.
Partileiar i Venstre, Trine Skei Grande, ser fram til formelle regjeringsforhandlingar med Høgre og Frp på nyåret.
Foto: Audun Braastad / NTB scanpix
For eit par tiår sidan slo valforskaren Henry Valen fast at veljarane var på vandring. Før var problemet å få dei opp av sofaen, men når dei lét seg mobilisera, røysta dei på sitt eige parti. Vertinna minner om at ho er mellom dei som held ut og alltid røystar på det same partiet – utan omsyn til kandidat og program, taktikk og bortkasta røyster.
BYRÅSJEFEN er ein prinsippfast mann, og han har også god innsikt i korleis politikk blir til. Han finn litt godt i mange parti og ville gjerne ha delt opp røysta si med ulike prosentar til fleire.
Men det avgjerande for Byråsjefen er at partia ikkje er så absolutte at systemet går i stå. Som så mange andre rasjonelle og pragmatiske i forvaltning og næringsliv, meiner han at det beste hadde vore at dei ansvarlege styringspartia Høgre og Arbeidarpartiet fann saman, eller i det minste hadde bytt på regjeringsmakta seg imellom. Han trur veljarane ville ha lønt dei for det, og sjølv om nokre ville hoppa av til meir reine og ranke særinteresseparti, ville dei to store og nærskylde likevel vera store nok til å sikra langsiktig styringsdugleik – til beste for land og folk og forvaltning.
NÅR VELJARANE vandrar, vandrar partia saman med dei. Av og til går partia først, men like ofte spring dei etter dei dei skulle leia, etter Monty Pythons motto i Life of Brian: «I am their leader; I must follow them.»
Framstegspartiet har følgt veljarane sine og snudd i EU-spørsmålet. Dei er blitt eit nasjonalistisk velferdsparti med sporadiske reminisensar av liberalistisk retorikk. Med fridom til nokre sidesprang lever dei greitt i fornuftsekteskap med Høgre – i gode og mindre gode dagar. Høgre har på si side lært seg å tala vel om partnaren og ta alt i beste meining, sjølv om Erna Solberg heller ville vera politisk polygam.
ARBEIDARPARTIET var ein brei koalisjon mellom by og land, stat og privat, arbeidar og embetsmenn, vekst, velstand og vern, svart og litt grønt. Nå taper dei både raude, grøne, lilla og lysebrune veljarar, og lagnaden til europeiske søsterparti skremmer.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.