Nyt ferien medan det framleis er lovVenstresida likar det kan hende ikkje, men her er 12 reglar som kan hjelpe deg
Venstresida likar det kan hende ikkje, men her er 12 reglar som kan hjelpe deg med å nyte sommaren.
Utskjeld og utseld: Jordan Peterson og levereglane hans.
Foto: Wikimedia Commons
Om dei tyske fotballspelarane har vore årets største taparar til no, så har den kanadiske psykologiprofessoren Jordan Peterson vore blant dei største vinnarane. Boka hans, 12 rules for Life: An Antidote to Chaos – den andre han har gjeve ut – er seld i over ein million eksemplar. Youtube-kanalen hans har 1,25 millionar følgjarar.
Denne cerebrale Spider Man i hjartet av det såkalla intellektuelle mørke nettet (eit uformelt nettverk av akademikarar som har stått opp mot kulturrevolusjonen ved universiteta) byrja på vegen mot gjetord då han opponerte mot ei kanadisk lov frå 2016 som gjorde det forbode å nytte «kjønnsidentitet eller -uttrykk» som grunnlag for diskriminering.
«Eg kjem aldri til å nytte ord eg hatar», erklærte Peterson, «som det trendy og kunstig konstruerte (kjønnsnøytrale pronomenet) ’hen’, til dømes. (Dei amerikanske døma Ferguson nyttar, er ’zhe’ og ’zher’, red. merk.) Desse orda er banebrytarar for ein postmoderne, radikal venstreideologi som eg avskyr, og som er (...) skremmande lik dei marxistiske doktrinane som drap minst 100 millionar menneske i det 20. hundreåret.»
Du kan førestelle deg korleis dette vart motteke av mangfaldpolitiet ved Toronto-universitetet. Men Peterson blånekta modig nok å leggje seg flat. «Under dekke av postmodernisme», klaga han, «har vi sett den raske utbreiinga av identitetspolitikk ved universiteta (...) Det offentlege har finansiert ekstremt radikale, postmoderne venstretenkjarar som i full fart øydelegg dei grunnleggjande strukturane i vestleg sivilisasjon.»
Amen til det. Amen i andre potens.
Peterson er fryktlaus. Hans 12 Rules for Life byrjar med å kontrastere orden og kaos som idealtypar ein finn i både vestlege og orientalske filosofiske tradisjonar. Orden, skriv han, «vert typisk framstilt, symbolsk – oppfinnsamt – som maskulint», mens kaos, «som antitesen til symbolsk maskulin orden, (vert) oppfinnsamt presentert som feminint (...) Orden er den kvite, maskuline slangen; kaos er den svarte, feminine motparten.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.