Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Bakgrunn
TikTok
Eit sosialt medium for videodeling
Eigd av selskapet ByteDance, som har hovudkontor i Beijing
Har nærmare 1,6 milliardar aktive brukarar per månad
Vert rekna som det femte største sosiale mediet i verda, etter Facebook, YouTube, WhatsApp og Instagram
Kjelde: statista.com

MEDIum
christiane@dagogtid.no
«Tenk deg at du må bla opp 9 milliardar dollar eller verte avretta!»
Ein ung mann med kaps, hettegenser og halskjede ser rett inn i kameraet og gestikulerer engasjert medan han pratar. Dylan Page har over 13 millionar følgjarar på TikTok og fortel historia om den vietnamesiske forretningskvinna Truong My Lan, som nyleg vart dømd for å ha underslege 12 milliardar dollar frå Saigon Commercial Bank. Dommen gjev den vietnamesiske kvinna eit ultimatum: Ho kan betale tilbake to tredelar av summen ho har svindla og sleppe unna med livstid i fengsel, eller ho vert avretta.
«Spørsmålet no er: Klarer ho å finne 9 milliardar for bokstaveleg tala å redde sitt eige liv», spør nyhendeprofilen, som på 43 sekund har formidla nett den same informasjonen som eg kan finne på NTB, BBC eller Aftenposten, men i ei ganske anna form.
På LinkedIn, det føretrekte sosiale mediet for ein del som byggjer karriere, presenterer Page seg som ein innhaldsskapar som skal revolusjonere nyhendepresentasjonen for generasjon Z. Den siste tida har han lagt ut videoar om at valdtektsskuldingane mot fotballspelaren Mbappé er lagde bort, om Luigi Mangione som er pågripen for drapet på helseforsikringsdirektøren Brian Thompson i USA, og om dei mest brukte søkjeorda på Google i 2024, for å nemne noko.
Page speler inn videoane sine i det som ser ut til å vere eit heimemekka studio, med si eiga merkevare i neonlys ved sida av ein klode på veggen: News Daddy. Han er det ein kan kalle ein nyhendeinfluensar, som har vorte ei gruppe å rekne med i sosiale medium.
Viktig kanal
TikTok er ikkje først og fremst ei nyhendeplattform, men også ei nyhendeplattform. På TikTok skapar brukarane TikTok-trendar innanfor alt frå dans til matlaging, sminke og humor. Men TikTok er også vorten staden der mange barn og unge held seg informerte om kva som skjer i verda.
Medietilsynet publiserte i november ein rapport der det kom fram at sosiale medium er den nyhendekanalen unge nyttar oftast. Datainnsamlinga omfattar 3212 barn i alderen 9–18 år spreidde på 122 ulike skular over heile landet. 95 prosent av dei har svart at dei følgjer med på nyhende i ei eller anna form, og 51 prosent av dei har svart at dei ofte får med seg nyhende frå sosiale medium. 30 prosent har svart at dei får med seg nyhende frå sosiale medium av og til. Flest bruker TikTok, deretter følgjer Snapchat og YouTube.
Mediebruken gjev grunn til å utforske spørsmålet: Kva slags nyhende får ein via TikTok? Og vidare: Kva for eit bilete av røynda kan ein danne seg ut frå ein TikTok-feed, og kor lett er det å skilje løgn frå sanning?
Men å spørje kva nyhende ein får på TikTok, er litt som å spørje kva nyhende ein får på internett. Det finst ikkje eit enkelt svar, og ingen vil få heilt identiske nyhendestraumar. Så for å få eit inntrykk av TikTok som nyhendemedium oppretta eg min eigen TikTok-profil.
Høgt og lågt
Eg starta med å besøke profilar oppretta av redaktørstyrte medium. Eg oppdaga raskt at det finst nyhendestoff på TikTok som er av like høg kvalitet som i nettaviser og -magasin, om ein tek høgde for at det her er snakk om kortfatta nyhende.
Eit enkelt døme: Går ein inn på TikTok-profilen til The Economist, kan ein sjå ein av fagredaktørane i magasinet kommentere korleis styrtinga av Assad-regimet i Syria påverkar makttilhøva i Midtausten, presentert med kart og grafikk. Her får vi ein komprimert nyhendeanalyse på to minutt. Går ein inn på profilen til BBC News, vil ein kunne finne nyhendevideoar laga av korrespondentane i kanalen. Informasjonen er kortfatta, men truverdig.
The Economist er på TikTok.
Men TikTok-opplevinga mi tok snart ei ny vending. For når eg ikkje lenger søkte opp redaktørstyrte medium, men følgde med på den automatiske videostraumen, dukka det opp videoar av ein heilt annan karakter. Der TikTok-algoritmane såg ut til å ha fanga opp kva for tema eg hadde sett på, fanga dei ikkje opp at eg søkte meg til redaktørstyrte medium. I mitt tilfelle førte det til at nyhendefeeden min etter kort tid fylte seg opp med den eine videoen etter den andre om straumsituasjonen i Noreg – alle med berre eitt syn representert.
I tillegg fekk eg sjå stadig nye videoar som handla om kor riv ruskande galen skattepolitikken i Noreg er – også her utan motførestillingar. På same viset fekk eg fleire videoar som repeterte ein bodskap om at Nato i kjølvatnet av den kalde krigen hadde lova Russland å ikkje utvide alliansen mot aust – kvar gong utan motspørsmål.
I løpet av kort tid fekk eg altså servert einsidig informasjon om ei rekkje tema, lagt ut av anten profilar med ei sterk politisk overtyding eller anonyme profilar eg ikkje visste kven var.
Eg ville ikkje ha karakterisert videoane som nyhende. Men ville barn og unge gjort det?
Kjeldeblinde
Ein som veit mykje om nyhendekonsumet blant skulebarn, er Sølve Kuraas Karlsen, som tidlegare har jobba som lærar, og som i dag leier Tenk, skuleavdelinga til Faktisk. Han ser fleire utfordringar ved at TikTok er vorten ei så viktig plattform for nyhende.
– Vi ser at unge har lite merksemd kring det at innhaldet dei får i feeden sin, er styrt av andre. Eit smalt utval av nyhende formar biletet dei får av verda, seier han.
Han ser også ei utfordring i formatet. Innhaldet må verte formidla fort og på ein engasjerande måte. Dermed forsvinn nyansane. Dessutan mistar dei unge fort oversikta over avsendarane.
– Dei vert kjeldeblinde. Ofte tek dei inn bodskapar frå fleire plattformer, og hugsar ikkje lenger kva for ein video som fekk dei til å meine så sterkt om krigen i Gaza eller Ukraina. Dei klarer ikkje prioritere i informasjonsstraumen. Dette gjeld fleire sosiale medium, ikkje berre TikTok.
Ein openberr forskjell mellom innhald på TikTok og innhald i redaktørstyrte medium, er faktasjekk.
– Det å ettergå informasjon er eit fag ein utøver i redaktørstyrte medium. Men på TikTok kan ein video frå Henning frå Sotra vege like tungt som ein video frå VG. Det er lett å sjå bra ut på TikTok, seier Karlsen.
VG er på TikTok.
Kontroversiell app
Det ligg makt i å kontrollere informasjonsstraumen, og sosiale medium er enkle å ty til for aktørar som vil påverke opinionen. I tillegg hentar sosiale medium inn store mengder informasjon om brukarane. Begge delar gjer den kinesiskeigde TikTok-appen kontroversiell.
Rivaliseringa mellom USA og Kina har ført til sterk uro i USA kring korleis TikTok opererer. I april vedtok amerikanske politikarar å forby TikTok i USA frå og med 19. januar neste år, med mindre det kinesiske eigarselskapet ByteDance sel den amerikanske delen av verksemda.
Spørsmålet som vert stilt i amerikanske medium no, er om påtroppande president Donald Trump vil redde TikTok. For medan Trump tidlegare har teke til orde for å forby TikTok, oppretta han sjølv ein TikTik-profil i juni og nytta med hell plattforma i resten av valkampen.
Også i Europa går debatten om TikTok høgt. I Romania gjekk den øvste domstolen så langt som å forkaste resultatet av den første valrunden i presidentvalet tidlegare i haust, etter at den prorussiske og Nato-kritiske kandidaten Calin Georgescu kom best ut med 22,9 prosent av røystene. Rumensk etterretning meiner massiv promotering på TikTok i løpet av kort tid førte Georgescu til topps. Mistanken er at russiske agentar står bak.
Også i Noreg har enkelte politikarar og parti teke til orde for å forby TikTok, men enn så lenge er både Høgre-leiar Erna Solberg og statsminister Jonas Gahr Støre til stades på TikTok. Men når Støre er på TikTok, er det ikkje med tenestetelefonen. Kommunikasjonssjef på Statsministerens kontor, Anne Kristin Hjukse, opplyser til Dag og Tid at ingen av medlemmene i regjeringa nyttar TikTok på tenestetelefonen sin.
Ingen NRK-nyhende
Kva med norske medium? Fleire er til stades på TikTok, blant dei VG, Aftenposten og Nettavisen. Avisene ser i hovudsak ut til å presentere eit lite utval nyhende mynta på eit ungt publikum. Også NRK er på TikTok, men ikkje med nyhende.
– Vi er til stades på Instagram og Snapchat med nyhende, men ikkje på TikTok, seier Eirik Tufteland Kroken, som er ansvarleg for sosiale medium i NRK.
– Vår strategi er å ikkje bidra til å byggje opp TikTok som nyhendeplattform, slik Facebook vart bygd opp som nyhendeplattform i si tid. Det har vore diskusjon kring dette valet, mellom anna då vi valde å trekkje Supernytt frå TikTok i fjor. På TikTok fokuserer vi på å vise fram det beste innhaldet frå heile NRK som er laga for unge.
I staden for å publisere nyhende på TikTok, har NRK Nyheter late seg inspirere av forma på sine eigne nettsider. I korte videosnuttar tilpassa mobiltelefonformatet formidlar unge profilar nyhende retta mot unge brukarar.
Frå venstresida
Ein avis som ikkje er på TikTok, er Klassekampen. Jo Røed Skårderud, som er journalist i avisa, har derimot slege seg opp som nyhendeinfluensar. Han nærmar seg 31.000 følgjarar og har 1,3 millionar likarklikk. På profilen skriv han at han «tokkar» for seg sjølv på eige ansvar.
Overfor Dag og Tid skildrar han verksemda som eit eksperiment som tok til etter at han hadde skrive fleire artiklar om høgrebølgja under skulevalet og kommunevalkampen i 2023. Det var då han merka seg at særleg unge menn gjekk til høgre politisk.
– Eg merka meg korleis TikTok bidrog til å forme haldningane blant unge. Det var TikTok dei fekk informasjonen sin frå. Frå folk som Andrew Tate, Jordan Peterson og Simen Velle, utan at eg set likskapsteikn mellom dei, seier han.
Det vart spekulert i om høgresida hadde vunne skulevalet på TikTok.
– AUF gremde seg over at algoritmane på TikTok pumpa opp bodskapen frå høgresida. Magnus Marsdal i Manifest sa at venstresida kunne miste ein heil generasjon om vi ikkje gjorde noko. Dagen etter valet oppretta eg ein TikTok-konto for å sjå korleis dette fungerte, fortel Skårderud.
Lærer faget
Skårderud sette seg føre å undersøkje om TikTok-algoritmane var rigga for høgresida, eller om det var rom for å fremje ein venstresidebodskap. Han bestemte seg for å leggje ut éin video om dagen i 100 dagar.
– Dette er eit demokratisk eksperiment eg gjennomfører som privatperson, ved sida av full jobb og to ungar. Det tok meg to veker å verte større enn AUF. Då skjønte eg at dette fungerte, seier han.
No legg han vekt på å lære seg faget, slik at han på eit tidspunkt kan få det ned på papiret og lære det bort til andre.
– Det er eit pågåande prosjekt, seier han.
Løgn og sanning
TikTok er eit medium der kvarmannsen kan konkurrere om merksemda mot nyhendeprofilar utan redaktør og ver varsam-plakat, mot etablerte medium og statlege propagandaapparat. Og det på ein måte fleire meiner er sterkt vanedannande. Klarer barn og unge å gjennomskode falsk informasjon i den evige straumen av underhaldning, kommentarar, propaganda og nyhende? Eg spør Kuraas Karlsen, som seier svaret må verte både og.
– Dei lærer på skulen å sjekke kjelder og vere kritiske, og vi ser i undersøkingar at dei har for vane å sjekke dramatiske hendingar på NRK eller VG. Men når ein vert engasjert kjenslemessig, er det lett for at kjeldekritikken forsvinn ut av vindauget.
I den tidlegare refererte undersøkinga frå Medietilsynet oppgjev 66 prosent av 13–18-åringane at dei i løpet av det siste halvåret har komme over nyhendesaker dei har mistenkt har vore usanne. Dei aller fleste av desse seier at dei har sett sakene i sosiale medium.
– Grunnprinsippet i propaganda er å skape ei oppfatning av at det er umogleg å seie kva som er sant og usant. Vi må formidle at det er mogleg å finne ut kva informasjon ein kan stole på og ikkje, seier Karlsen.
Foto: Tenk / Faktisk.no
– Eg synest det er på sin plass å spørje kva for verdiar TikTok vert styrt etter.
Sølve Kuraas Karlsen, leiar i Tenk
TikTok svarer
Kva gjer TikTok for å sikre at unge ikkje får propaganda og feilaktig informasjon i feeden sin?
Kommunikasjonsleiar Lukasz Lindell ved TikTok i Norden svarer på e-post at TikTok tek spørsmålet om truverdig informasjon på største alvor. Ifølgje Lindell tillèt ikkje TikTok skadeleg desinformasjon, som til dømes falsk informasjon om helse, konspirasjonsteoriar eller manipulert material som kan villeie brukarar eller føre til skade. For å motverke slikt, skriv han, samarbeidar TikTok med uavhengige faktagranskarar.
«Vi markerar innehåll som inte kunnat verifieras och vi tar bort material som bryter mot våra riktlinjer för att säkerställa att särskilt unga användare får en trygg upplevelse på plattformen», skriv han.
Foto: Mike Blake / Reuters / NTB
Karlsen på si side seier at TikTok skil seg negativt ut blant sosiale medium, og at det er liten grunn til å ha tillit til tiltaka frå TikTok.
– Alt i 2020 vart vi i Tenk åtvara om at TikTok skilde seg negativt ut når det gjeld å spreie feilinformasjon. Sidan den gongen har TikTok gjort spreidde forsøk på å gjere plattforma betre. Det er likevel interessant å merke seg at TikTok gong på gong viser at dei effektivt kan fjerne innhald dei ikkje ønskjer, som til dømes kritikk av tilhøva for uigurar eller krigsinnhald for russiske brukarar, samtidig som TikTok fremjar innhald dei sjølv ønskjer, som gjerne er betalt eller provoserande innhald, seier han og held fram:
– Dei er korkje opne om korleis plattforma fungerer, eller korleis faktasjekkarprogrammet vert brukt. Det gjer tiltaka lite truverdige. I tillegg finn vi dagleg enorme mengder og stadig nye eksempel på nett den informasjonen dei sjølv seier dei ikkje tillèt. Samla viser det tydeleg at TikTok kunne gjort mykje meir om dei verkeleg ville. Eg synest det er på sin plass å spørje kva for verdiar TikTok vert styrt etter.
Dag og Tid har gjeve TikTok i Norden høve til å svare Karlsen. Lindell skriv at han ikkje har mykje å leggje til det han alt har sagt, men viser til at TikTok rapporterer om resultata av tiltaka, som viser at ein stor del av innhaldet som bryt med reglane på plattforma, vert fjerna.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.