Nye bakvegar til EuropaSpania får atter hovudtrykket av frå Afrika.Spania har langt frå fått så mange

Spania får atter hovudtrykket av migrantar frå Afrika.

Migrantar spring i land på ei badestrand ved Taria sør i Spania etter å ha kryssa Gibraltarsundet 27. juli.
Migrantar spring i land på ei badestrand ved Taria sør i Spania etter å ha kryssa Gibraltarsundet 27. juli.
Publisert

Spania har langt frå fått så mange migrantar og båtflyktningar som Italia og Hellas dei siste åra. Men dei sju fyrste månadene i år har landet teke imot 22.000 menneske, dei fleste i Valencia-regionen, dit skipet «Aquarius» kom med 629 passasjerar frå Afrika i midten av juni.

Sidan har skip på skip lagt til. Laurdag 28. juli kom «Salvamar-Arcturus» til den vesle hamna Tarifa ved sørspissen av Spania. Det hadde teke opp 85 menneske midt ute i Gibraltarsundet, 72 menn, 12 kvinner og eit barn. Raudekrossen tok seg av dei og fann skadar så som beinbrot. Sidan tidleg på sommaren har det fløymt inn migrantar denne vegen frå Marokko. Hundrevis av menneske har kome kvar dag til Tarifa, Algésiras, Barbate, Almeria, Motril og Valencia. I byrjinga ønskte både lokale og sentrale styresmakter migrantane velkomne, men no melder problema seg. Mottakssentra er overfylte, dei mange småbyane sør for det relativt rike Catalonia og Valencia veit ikkje kva dei skal gjere for å innkvartere og fø dei nykomne og samstundes klare andre utgifter.

Spanske enklavar

Det kom ikkje «berre» 629 menneske til Valencia den dagen «Aquarius» klappa til kai, det kom kring 2000 migrantar til hamnebyen. Slik har det halde fram, og ikkje berre over Gibraltarsundet. Spania har to enklavar i det nordaustlege Marokko, dei fristilte byane Melilla og Ceuta. Kong Muhammed VI godtek ikkje at desse enklavane skal vere spansk territorum. Spania reiste ein «berlinmur» kring Melilla og Ceuta i 2005 med barberbladskarp piggtråd («cuchillas»). I sommar har flokkar av migrantar sørfrå prøvd å forsere sperringane, dei har teke med seg stokkar og stigar for å kome seg over dei seks meter høge gjerda, klatra opp på kvarandre og kome seg over så godt dei kan. Mange har blitt oppskorne på piggtråden eller hardt skadde i samanstøytar med grensevaktene.

Opne grenser

Den sosialistiske statsministeren i Spania, Pedro Sanchez, kunngjorde 3. august at det skulle opprettast eigne innsatsstyrkar for nye innvandrarar. Men det finst ikkje transportmiddel til å frakte dei innkomande, det finst ikkje nok mottaksstasjonar – garasjar for landbruksmaskinar eller gamle flyhangarar har blitt utstyrte med flatsenger og improviserte naudkjøkken, det finst ikkje helsepersonell nok og slett ikkje nok tolkar og anna ein treng for å kunne sluse folk inn i det spanske samfunnet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement