Nyansar av raudt

2355 ulike artar står på den norske raudlista over artar i fare. Men korleis skal eigentleg denne lista lesast?

Truga art: fjellrev.
Truga art: fjellrev.
Publisert

Naturtap og masseutrydding av artar har for alvor kome på dagsordenen dei siste åra, mykje takk vere bøker som Den sjette utryddelsen av Elizabeth Kolbert frå 2014 og den store rapporten frå FNs naturpanel frå i år. I Noreg er artstapet førebels avgrensa, fortel Snorre Henriksen. Han er seniorrådgjevar ved Artsdatabanken, som har ansvaret for den norske raudlista – det vil seie oversynet over artar som står i fare for å døy ut i Noreg.

– Det er ikkje slik at artar døyr ut støtt og stadig i Noreg, seier Henriksen til Dag og Tid.

– Det er registrert kring 46.000 artar i Noreg. Vi har vurdert 21.000 av dei, og av desse er 115 artar rekna som utdøydde til no. Lista inkluderer berre artar som har reprodusert seg i Noreg dei siste 200 åra, så til dømes geirfuglen fell utanfor. Blant dei artane som har døydd ut i Noreg i denne perioden, er svartrotte, kvalen nordkaper og tre fuglar: kornsporv, rapphøne og topplerke.

Det er godt mogleg at fleire enn desse 115 artane har forsvunne i Noreg, understrekar Henriksen.

– Det er veldig vanskeleg å påvise sikkert at ein art har døydd ut. Kan hende var siste observasjon av arten gjord i 1960-åra, men vi kan ikkje dermed vere sikre på at han er utdøydd. Vi ventar lenge med å slå det fast. Dermed er det eit visst etterslep av utdøying.

Tapt terreng

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement