Nyansar av raudt
2355 ulike artar står på den norske raudlista over artar i fare. Men korleis skal eigentleg denne lista lesast?
Truga art: fjellrev.
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
Miljø
peranders@dagogtid.no
Naturtap og masseutrydding av artar har for alvor kome på dagsordenen dei siste åra, mykje takk vere bøker som Den sjette utryddelsen av Elizabeth Kolbert frå 2014 og den store rapporten frå FNs naturpanel frå i år. I Noreg er artstapet førebels avgrensa, fortel Snorre Henriksen. Han er seniorrådgjevar ved Artsdatabanken, som har ansvaret for den norske raudlista – det vil seie oversynet over artar som står i fare for å døy ut i Noreg.
– Det er ikkje slik at artar døyr ut støtt og stadig i Noreg, seier Henriksen til Dag og Tid.
– Det er registrert kring 46.000 artar i Noreg. Vi har vurdert 21.000 av dei, og av desse er 115 artar rekna som utdøydde til no. Lista inkluderer berre artar som har reprodusert seg i Noreg dei siste 200 åra, så til dømes geirfuglen fell utanfor. Blant dei artane som har døydd ut i Noreg i denne perioden, er svartrotte, kvalen nordkaper og tre fuglar: kornsporv, rapphøne og topplerke.
Det er godt mogleg at fleire enn desse 115 artane har forsvunne i Noreg, understrekar Henriksen.
– Det er veldig vanskeleg å påvise sikkert at ein art har døydd ut. Kan hende var siste observasjon av arten gjord i 1960-åra, men vi kan ikkje dermed vere sikre på at han er utdøydd. Vi ventar lenge med å slå det fast. Dermed er det eit visst etterslep av utdøying.
Tapt terreng
– Kva prosessar er i dag dei største trugsmåla for artsmangfaldet i Noreg?
– Det er utan tvil arealinngrepa: vegbygging, husbygging og til dels skogbruk og jordbruk. I jordbruket handlar det mest om at driftsformene blir lagde om, ikkje minst at beiteland og slåttemark går ut av bruk. Men no går denne prosessen saktare, fordi det meste av den tidlegare beite- og slåttemarka er ferdig attgrodd.
Om ein les tala frå Artsdatabanken med optimistbriller, kan ein seie at Noreg får stadig fleire artar, fordi det årleg blir oppdaga mange fleire artar enn dei som forsvinn.
– Artsdatabanken har registrert kring 3000 nye artar dei siste ti åra. Vi finn altså nye artar mykje oftare enn det døyr ut kjende artar. Men det kan òg vere at ein del artar døyr ut før vi får registrert dei.
– Kva dyre- eller plantegrupper er mest utsette for utdøying i Noreg?
– Det kjem an på om ein ser på absolutte tal eller på prosentdelen innanfor kvar gruppe. I reine tal er det flest insekt og soppar som er truga, fordi det finst tusenvis av slike artar. Men prosentvis er store virveldyr mest utsette. Det har naturlege årsaker: Pattedyr finst det få individ av, fordi dei treng mykje plass. 23 prosent av pattedyra i Noreg er rekna som truga, 20 prosent av fuglane, 18 prosent av karplantene, 16 prosent av lavartane, 15 prosent av sommarfuglartane og 13 prosent av veps- og bieartane. Når så mange karplanter, sommarfuglar, veps og bier er truga, heng det saman med at mange av dei er knytte til kulturlandskap som gror att.
Forvirring
Dei ulike kategoriane i raudlista kan verke forvirrande, meiner Henriksen.
– Slett ikkje alle artar på raudlista er truga. Nokre av dei har vi lite data på, og dei blir sette på lista i kategorien datamangel ut frå eit føre var-prinsipp. Nokre artar står på raudlista fordi bestanden er i tilbakegang, sjølv om dei enno ikkje er truga. Og somme av dei er berre i regional nedgang i ein del av Noreg. Men det er gode grunnar til at dei står på lista likevel. Dei vert plasserte i kategorien nær truga. Når det gjeld dei truga artane, er det tre graderingar: «kritisk truga», «sterkt truga» og «sårbar».
– Det verkar litt rart at vanlege artar som fiskemåse, stare, hare og rype står på raudlista. Svekkjer ikkje det autoriteten til lista litt?
– Mange reagerer på at raudlista inkluderer vanlege artar. Men grunnen til at desse artane står på lista, er at dei kan døy ut om fallet i bestanden held fram som no. Kriteriet er eit fall i bestanden på minst 15 prosent i løpet av dei siste tre generasjonane. Lirype og fjellrype har gått attende med 15–30 prosent dei siste ti åra. At rypene skal forsvinne heilt i Noreg, er vanskeleg å sjå for seg. Men samtidig er det viktig å fange det opp dersom det er store fall i bestanden også av vanlege artar. Det gjer det lettare å setje inn tiltak i tide.
– «Kritisk truga» er den mest alvorlege kategorien på raudlista. Kva er Noregs mest truga art for tida?
– Ein kandidat er sommarfuglen lakrismjeltblåvengje. Kan hende forsvann han alt i 2013, det var i alle fall siste kjende observasjon.
Mosen som gjenoppstod
– Det er lettare å mobilisere sympati for dei store spektakulære rovdyra enn for lav- eller myggartar. Men i den store samanhengen er kvar art like eineståande?
– Det er klart det er lettare å engasjere seg for dyr med pels og fine auge enn for ein sopp som berre ekspertar kan identifisere. Artsdatabanken vurderer dessutan berre risikoen for kvar art. Vi ser til dømes ikkje på verdien eller funksjonen artane har i økosystemet.
– Det går heldigvis ikkje berre éin veg: Somme artar har blitt tekne ut av raudlista òg?
– Ja, og det kan ha fleire årsaker. Av og til byrjar rett og slett ein bestand å auke att. Men av og til handlar det berre om at fallet i bestanden har bremsa opp eller stogga. Småsalamanderen er teken ut av lista, sjølv om det er færre eksemplar av han enn det var for 30 år sidan. Men fordi bestanden ikkje lenger fell så fort, er det no mindre sannsynleg at han vil døy ut, seier Henriksen.
– Iblant viser det seg òg at ein bestand er større enn vi trudde. Ein art som strykmose var til dømes rekna som kritisk truga i den førre utgåva av raudlista. Det siste kjende funnet var gjort ved Oppdal i 1914. Og sjølv om denne arten er stor og karismatisk til mose å vere, vart det ikkje gjort funn av han på hundre år. Så viste det seg brått at det finst ganske mykje strykmose langs Glomma.
–?Det normale er å vere utdøydd. Dei aller fleste artar som har levd på jorda, er borte for lengst. Er det eigentleg så nøye om artar døyr ut?
– At artar døyr ut, er heilt normalt. Men menneskeleg aktivitet har påverka tempoet i utdøyinga dramatisk. Det finst studiar som tyder på at utdøyingstakten no er kring tusen gonger så stor som det normale. Ei normal levetid for ein art kunne vere frå nokre hundre tusen til fleire millionar år. Den forventa levetida til artar i dag er svært mykje lågare enn før.
Tørkar vekk
Medan raudlista før inkluderte berre artar, står no også ei rekkje naturtypar på lista. Blant dei 74 truga naturtypane i Noreg er kystlynghei, sukkertareskog, blåskjelbotn og isbrear. Og medan endra arealbruk er det store trugsmålet for artar i Noreg, er klimaendringane ei viktig årsak til at somme naturtypar går attende, fortel Henriksen.
– Vegetasjonen i såkalla snøleie ved snøfonner i fjellet er eit døme. Plantene der er avhengige av fukta frå fonnene gjennom sommaren. Når fonnene smeltar heilt og bakken tørkar opp, tek andre planter over. Svært få artar er i dag på raudlista på grunn av klimaendringane, men oppvarminga trugar naturtypar både i høgfjellet og i havet.
– Dag og Tid startar denne veka ein serie med artar frå raudlista på baksida. Har du eit framlegg til kva art vi skal starte med?
– Ein art som illustrerer godt korleis menneska påverkar naturen, er ueren. Det er ein djupvassfisk som veks frykteleg sakte og ikkje reproduserer seg før han blir nærare 15 år gammal. Han får i tillegg ganske få ungar til fisk å vere. Minstemålet for uer er på 32 centimeter, da har han akkurat nådd å bli kjønnsmogen. Når ein fiskar etter ein slik art, kan det fort gå nedover med bestanden, seier Snorre Henriksen.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Menneskeleg aktivitet har påverka tempoet i utdøyinga dramatisk.
Snorre Henriksen, Artsdatabanken
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
«Rørslene me skildrar som vipping, er gjerne større og kjem mindre tett enn dei me omtalar som vibrering.»
Foto: Agnete Brun
Med den monumentale boka Sjøfareren Erika Fatland gitt oss eit uvant, og skremmande, perspektiv på europeisk kolonialisme.
Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.
Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB
Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.
Kongsbonden Johan Jógvanson bur i den Instagram-venlege bygda Saksun. Men sjølv om han skjeller ut turistar, er det ikkje dei han er forbanna på. Det er politikarane inne i Tórshavn.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Turistinvasjonen har gjort Johan Jógvanson til den sintaste bonden på Færøyane.
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB
Kapitulasjon i klimapolitikken
Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.