Ny sosialdemokratisk nedturValet i Bayern sist helg får endå fleire alarmklokker til å ringja i det europeiske sosialdemokratiet. Dei bayerske sosialdemokratane står att som eit parti for dei over 60.

Valet i Bayern sist helg får endå fleire alarmklokker til å ringja i det europeiske sosialdemokratiet. Dei bayerske sosialdemokratane står att som eit parti for dei over 60.

Leiaren for partiet Dei grøne, Katharina Schulze, statsministeren i Bayern, Markus Söder, og leiaren for Frie veljarar i Bayern, Hubert Aiwanger, på ein pressekonferanse etter valet i delstaten.
Leiaren for partiet Dei grøne, Katharina Schulze, statsministeren i Bayern, Markus Söder, og leiaren for Frie veljarar i Bayern, Hubert Aiwanger, på ein pressekonferanse etter valet i delstaten.
Publisert

Frå 1960-åra og fram til i dag har bayersk politikk vore enkel å skjøna: Den konservative kristeleg-sosiale unionen (CSU) styrte. Det einaste som var spennande, var kor stort fleirtal partiet skulle få i den bayerske landdagen. Så fekk sosialdemokratane mellom 20 og 30 prosent. Resten, det vil seia smulane, blei fordelte mellom tre–fire mindre parti.

Bayern er viktig: Delstaten ligg midt i Europa, nord for Alpane, på grensa mellom den katolske og den protestantiske delen av kontinentet. Når ein kjem til hovudstaden München, merkar ein fort at ein kjem til heimstaden for nokre av dei viktigaste industrikonserna i Europa, som BMW, Siemens, Audi, Puma, Adidas og så bortetter.

Om Bayern hadde vore eit sjølvstendig land – noko mange i Bayern nok framleis drøymer om – ville landet ha hevda seg heilt i toppen i dei fleste av statistikkane der det gjeld å liggja øvst.

Difor var valet til nytt delstatsparlament – Landdagen – sist helg mykje meir enn eit tilfeldig lokalval i ein tilfeldig del av Tyskland. Valet var endå eit teikn på at dei politiske realitetane i Europa er i ferd med å endra seg.

Det partiet som har styrt Bayern gjennom nesten heile etterkrigstida, CSU, gjekk tilbake frå 47 til 37 prosent av veljarane. Mykje verre var resultatet for sosialdemokratane: Meir enn annankvar veljar forlét partiet. Det gjekk attende frå 20,6 til 9,7 prosent.

Ser ikkje bra ut

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement