Ny personvernstrategi på veg
– Verksemder er sjølv ansvarlege for å etterleve personvernregelverket, seier statssekretær Tomas Norvoll (Ap).
Statssekretær Tomas Norvoll
Astrid Waller
Dag og Tid har sendt tre spørsmål til Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet med utgangspunkt i Teknologirådets undersøking om offentleg sporing. Det første tek utgangspunkt i at dei offentlege nettstadene Helsetilsynet.no og ung.no hadde aktivert Google-verktøyet Doubleclick, som er ein automatisert annonsebørs. Er dette problematisk?
Statssekretær Tomas Norvoll (Ap) svarer på e-post:
– Det er eit grunnleggjande prinsipp i statens kommunikasjonspolitikk at vi skal sørgje for at relevant og riktig informasjon når fram til innbyggjarane. Alle offentlege verksemder er sjølv ansvarlege for å etterleve personvernregelverket, mellom anna prinsippet om ikkje å samle inn og behandle fleire personopplysningar enn nødvendig. Dette betyr at alle må vurdere både om dei har heimel, og om det er klokt å dele personopplysningar med annonsebørsar.
– Er personvernet på offentlege nettsider godt nok?
– Vi er opptekne av at personvernet vert godt sikra, og vil oppmode alle offentlege verksemder til å vurdere nøye kva for analyse- og sporingstenester dei nyttar i kommunikasjonen sin. Det er viktig at innbyggjarane kan ha tillit til at personvernet vert sikra når dei bruker offentlege tenester og nettstader.
– Vil regjeringa gjere noko for å følgje opp funna i rapporten frå Teknologirådet?
– Regjeringa arbeider no med ein ny nasjonal digitaliseringsstrategi, som også skal innehalde ein personvernstrategi. Vi vil ta med oss funna i Teknologirådets rapport inn i dette arbeidet saman med ei rekkje andre gode innspel vi har fått.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Dag og Tid har sendt tre spørsmål til Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet med utgangspunkt i Teknologirådets undersøking om offentleg sporing. Det første tek utgangspunkt i at dei offentlege nettstadene Helsetilsynet.no og ung.no hadde aktivert Google-verktøyet Doubleclick, som er ein automatisert annonsebørs. Er dette problematisk?
Statssekretær Tomas Norvoll (Ap) svarer på e-post:
– Det er eit grunnleggjande prinsipp i statens kommunikasjonspolitikk at vi skal sørgje for at relevant og riktig informasjon når fram til innbyggjarane. Alle offentlege verksemder er sjølv ansvarlege for å etterleve personvernregelverket, mellom anna prinsippet om ikkje å samle inn og behandle fleire personopplysningar enn nødvendig. Dette betyr at alle må vurdere både om dei har heimel, og om det er klokt å dele personopplysningar med annonsebørsar.
– Er personvernet på offentlege nettsider godt nok?
– Vi er opptekne av at personvernet vert godt sikra, og vil oppmode alle offentlege verksemder til å vurdere nøye kva for analyse- og sporingstenester dei nyttar i kommunikasjonen sin. Det er viktig at innbyggjarane kan ha tillit til at personvernet vert sikra når dei bruker offentlege tenester og nettstader.
– Vil regjeringa gjere noko for å følgje opp funna i rapporten frå Teknologirådet?
– Regjeringa arbeider no med ein ny nasjonal digitaliseringsstrategi, som også skal innehalde ein personvernstrategi. Vi vil ta med oss funna i Teknologirådets rapport inn i dette arbeidet saman med ei rekkje andre gode innspel vi har fått.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.