Ny opplagsvekst for Dag og Tid

Dag og Tid har hatt 7 prosent vekst det siste året. Opplaget er no på 13 355.

Gregor Falkner er marknadssjef i Dag og Tid.
Gregor Falkner er marknadssjef i Dag og Tid.

Denne veka la Mediebedriftenes Lands­foreining fram opplagstala for norske aviser for første halvår. Dag og Tid går fram med 451 frå andre halvår i fjor og har no eit opplag på 13.355. Talet inneber ein årleg vekst på rundt 7 prosent.

Dag og Tid har tre typar abonnement – eit reint papirabonnement, eit reint digitalt abonnement og eit med både papir- og digitalavis. Det er papiravisa som er mest populær blant lesarane, men abonnementet med både papir- og digitalavis aukar mest. I tillegg ser vi at lydavisa er populær. Det seier marknadssjef Gregor Falkner.

Han takkar eksisterande tingarar for mykje av opplagsauken.

– Det er vanskeleg å gje eit bilete av den typiske Dag og Tid-lesaren. Lesarane er ei god blanding av menneske med interesse for samfunn, politikk og kultur. Det som er sams for mange av dei nye, er likevel at dei kjenner eksisterande lesarar og gjerne har kome til avisa via dei. Tips- og gåvekampanjane våre har såleis vore viktige for veksten vi har hatt, seier han.

Utfordringa framover er å sikre god levering av papiravisa over heile landet og å vidareutvikle det digitale tilbodet.

Falkner seier opplagsveksten til Dag og Tid syner at små aviser ikkje treng å knyte seg til større aviskonsern for å lukkast.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement