JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ny OL-floke

I helga gjekk eit utval i Noregs idrettsforbund inn for ein ny OL-søknad. Sports­journalist Andreas Selliaas meiner vi har viktigare ting å ta oss av.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kan vi få eit nytt OL på norsk jord, slik som på Lillehammer i 1994?

Foto: Tor Richardsen / NTB

5238
20220527

Samtalen

Andreas Selliaas

sportsbloggar

Aktuelt

OL-debatt

5238
20220527

Samtalen

Andreas Selliaas

sportsbloggar

Aktuelt

OL-debatt

jesper@dagogtid.no

Eit utval i Noregs idrettsforbund (NIF) vedtok i helga at dei vil tilrå forbundet å søkje vinter-OL i 2030 og 2034. Dimed har forbundet teke eit første steg mot ein OL-søknad. Samstundes kom berre 23 av 66 idrettskrinsar med konkrete svar i forkant. Om lag halve folket seier i ei meiningsmåling i VG at dei er positivt innstilte til eit nytt OL på norsk jord.

Andreas Selliaas er sportsbloggar og driv nettavisa Idrettspolitikk.no.

– Bør Noreg søkje om å arrangere eit nytt vinter-OL?

– Eg skjøner at mange har lyst på eit OL. Eg var sjølv på Lillehammer og veit kor moro det var. Samstundes har eg forska på dette i så mange år at eg får litt avsmak for heile prosjektet. Det må totale reformer til før eg kan tilrå Noreg å søkje. Men om vi bør eller ikkje, vil eg ikkje ta stilling til. Det store spørsmålet er om norsk idrett er klar til å søkje om OL. Det trur eg ikkje. Både det som vart presentert på leiarmøtet i helga, og diskusjonen i forkant, tyder på at dei ikkje er klare.

– Kva meiner du med det?

– Eg spør meg om det eigentleg er stemning for å gå vidare i ein slik prosess. Det var vanskeleg å tyde ut ifrå den rapporten som vart lagd fram. Grunnlaget er tynt og formuleringane generelle. For det andre er ein del av dei utsegnene som kjem om IOC og søknadsprosessen, ganske naive. Det har skjedd ein del forandringar i søknadsprosessen. Til dømes at ein ikkje lenger er bunden til éin by. Samstundes har OL-prosessen vorte meir lukka. Vi anar ikkje korleis forhandlingane ser ut, eller kven som søkjer. Difor er det vanskeleg å ta for god fisk at IOC har endra seg til det betre. Konsekvensen er at det sannsynleg slår attende på opinionen i Noreg.

– Kva slags organisasjon er IOC?

– Sjå til dømes på søknadsprosessen rundt sommar-OL i 2032. Ei lita gruppe la fram Brisbane for eksekutivkomiteen, dei peikte ut byen som einaste kandidat, og så måtte IOC i praksis røyste ja eller nei. Sjølv om Doha i utgangspunktet òg ville ha meisterskapen, fekk dei ikkje eingong stille kandidatur. Utan at vi veit kvifor. Det syner kor lukka desse prosessane er. Om Noreg gjennom sine kontaktar kan greie å smelte eksekutivkomiteen, så kan det verte einaste kandidat. Anten i mai neste år, når dei skal avgjere kven som får OL i 2030, eller litt seinare for 2034. Sånn sett kan den måten å arbeide strategisk på gjere ein norsk by til einaste kandidat. Men så skal ein ha ein statsgaranti i tillegg.

– Lukka prosess? Er det rett at Noreg skal få OL på bakgrunn av at nokon har snakka saman på eit bakrom i IOC?

– Eg trur det kan verte det største problemet for ein norsk søknad. Om ein åler seg inn gjennom gnikking og gnukking, vil nok det vere skadeleg for folkemeininga. Førre OL-debatt skapte i tillegg mykje vondt blod. Vi skal hente oss inn økonomisk etter pandemien, samstundes som vi står midt i ein krigssituasjon. Og idretten slit med etterslep av anlegg. Summen av alt dette gjer at Noreg ikkje er moden for ein ny OL-debatt no.

– Men skal vi då la autoritære regime bruke store idrettsarrangement som OL til utstillingsvindauge?

– Eg meiner det er feil spørsmålsstilling. Om IOC vil at OL skal vere i autokratiske statar, er det dei vi må skulde på. Ikkje Noreg. I tillegg har verken Sverige eller Finland hatt vinter-OL nokon gong. Om IOC verkeleg meiner Noreg bør få OL, er det berre å gi det til Noreg. Dei går med så stort overskot at dei til og med kunne ha bidrege økonomisk. Mange meiner Noreg må ta på seg ansvaret fordi norsk idrett vinn så mange gull. Men det er ikkje norsk idrett som betaler for arrangementet. Det er det norske styresmakter som gjer.

– Er det eit sterkare signal til IOC om vi vel å ikkje søkje om OL?

– Eg meiner det òg er ein naiv innfallsvinkel. Vi trur IOC vil smelte om vi kjem med berekraft og gjenbruk av anlegg. Men slik fungerer det ikkje. IOC tenkjer på ein heilt annan måte. Dei færraste av medlemene er i det heile interesserte i vinteridrett. Heilt andre faktorar avgjer. Før vart alle søkjarane vurderte etter tekniske kriterium, så tok ein ei avgjerd. Men den teknisk beste kandidaten vart likevel sjeldan valt. Same kva motivasjonen var, så vann ikkje alltid det beste bidraget. No er det i tillegg mykje mindre transparens.

– Kva kriterium er det IOC vektlegg?

– Det er nesten heilt uråd å vite. Plutseleg lanserer komiteen ein kandidat, og så kan det vere den einaste kandidaten det vert røysta over. Vi har altfor stor tru på at den beste søknaden vil vinne. Det har ikkje vore tilfellet, og det er ikkje sikkert neste gong heller.

– Kva kan Noreg gjere for å forbetre IOC?

– Eg trur vi har ei litt naiv førestilling om kor mykje makt vi har i IOC. Men sjå på Lise Klaveness. Ho forsvarer det ho meiner er verdigrunnlaget til norsk idrett, og tør snakke høgt om det. Om fleire norske idrettsleiarar gjer det same, har dei ryggdekning. Tanken har vore å vere stille til ein vart vald inn, og så kome med kritikk. Men det har ikkje fungert. Vi må tore å ta sjansen og vone at vi kan påverke gjennom det.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis