NVE følgjer med– Vi arbeider stadig med å kartleggje skadepotensialet til sjøar i Noreg, seier Miriam Jackson, glasiolog i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).
– Vi arbeider stadig med å kartleggje skadepotensialet til bredemde sjøar i Noreg, seier Miriam Jackson, glasiolog i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).
Ho er godt kjend med forskinga til Jostein Bakke og med faren bresmeltinga kan representere.
I 2014 var Jackson med på å lage ein NVE-rapport om smeltevassflaumar i Noreg. Oversikten synte at slike flaumar – eller jøkhullaup – hadde skjedd ved heile 20 norske brear, og at det var risiko for flaumar i nær framtid ved 12 brear. NVE har òg gripe inn ved fleire høve for å avverje trugsmål frå smeltevatn, fortel Jackson: I 2013 vart det bygd ein flaumvoll ved Koppangen i Lyngen etter fleire flaumepisodar, i 2017 vart Nordvatnet i Meløy senka for å hindre breflaum. I 2015 vart magasinet nedanfor Harbardsbreen tømt på grunn av akutt flaumfare i ein bredemd sjø, og berre seks dagar seinare fløymde fem millionar kubikkmeter vatn ned i magasinet.
– Når breane endrar seg, kjem vi stadig til å få slike hendingar. Vi arbeider med ein ny rapport som ikkje berre ser på kor det kan kome brevassflaumar, men òg på moglege konsekvensar. Det er særleg viktig der det bur folk nedstraums. Og vi overvakar alle bredemde sjøar med flyfoto og satellittbilete, seier Jackson.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.