– Norskpensumet bryt med læreplanenLærebøkene i norskfaget framstiller fagtekst, i motsetnad til skjønnlitteratur, som noko ein ikkje treng kritisere eller tolke, viser ny forsking.
Lærebøkene i norskfaget framstiller fagtekst, i motsetnad til skjønnlitteratur, som noko ein ikkje treng kritisere eller tolke, viser ny forsking.
– Elevane risikerer ikkje å kunne tolke eller kritisere fagtekstar i akademia dersom dei ikkje lærer dette i den vidaregåande skulen, finn forskarane Emilia Andersson-Bakken og Jonas Bakken.
Illustrasjonsfoto: Berit Roald
Eigentleg skulle Emilie Andersson-Bakken og Jonas Bakken, som er førsteamanuensar i høvesvis pedagogikk og norskdidaktikk, vurdere skilnaden mellom oppgåvene i naturfagbøker og norskfagbøker i vidaregåande skule. Men så kom dei over noko anna interessant: Oppgåvene i norskbøkene skilde sterkt mellom fagtekst og skjønnlitteratur.
Etter å ha analysert og kategorisert 1943 oppgåver i lærebøkene i norskfaget, konkluderte Andersson-Bakken og Bakken med at lærebøkene presenterer skjønnlitteratur som noko som er laga for å påverke, og som er ope for tolking, medan sakprosa består av nøytrale fakta. Fagtekstar, inkludert læreboka sjølv, lærer ikkje elevane å bli kritiske til.
– Bryt med læreplanen
Andersson-Bakken og Bakken såg at i oppgåver knytte til skjønnlitterære tekstar er det vanleg at elevane skal komme med ei personleg tolking, som i dette eksempelet: «Korleis tolkar du tittelen i diktet?» I oppgåver knytte til sakprosatekstar, som reklame og argumenterande avistekstar, skal elevane gje ein kritisk, avslørande analyse, som her: «Vis korleis artikkelforfattaren bruker logosappell og framstiller meiningane sine, slik at lesaren skal oppfatte dei som mest mogleg sannsynlege. Bruk konkrete eksempel frå teksten i svaret.» Vidare såg dei at i arbeid med sakprosa er det meir vanleg at elevane skal finne informasjon i sjølve lærebokteksten, enn at dei skal vurdere og hente ut fakta frå andre sakprosatekstar.
– Ofte skal elevane finne og gjengi informasjon, utan tolking eller kritisk distanse, som i oppgåva «Kva er V2-regelen, og i kva slags setningar gjeld denne regelen?» fortel Jonas Bakken. – Dette bryt med både læreplanen og kva lærebøkene sjølv seier om lesing og arbeid med tekstar. Lærebokforfattarane har neppe gjort dette med overlegg; dei skriv i ein etablert kultur der måten å formulere oppgåver på, bygger på eldre faglege forståingar.
Sakprosa nedprioritert
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.