Norsk spesialitet: ein ost frå IrlandTine byggjer meieri i Irland, og fortel at dei ikkje treng ein einaste drope norsk mjølk for å lage norsk merkevare. Godt over halvparten av all Jarlsberg kan i framtida vere produsert i Irland.
Tine byggjer meieri i Irland, og fortel at dei ikkje treng ein einaste drope norsk mjølk for å lage norsk merkevare. Godt over halvparten av all Jarlsberg kan i framtida vere produsert i Irland.
Meierisamvirket Tine skal bruke 750 millionar kroner på å byggje meieri for produksjon av Jarlsberg – i Irland.
Foto: Tine
I ein reklamevideo frå meierikonsernet Tine no i førjulstida står fjøsnissen bak blå vindaugskarmar saman med vesle Maja og ser ut på månen som skin over nysnø. «Jeg blir så sulten av å se på ’n», seier nissen og prøvar å overtyde Maja om at månen er ein ost. Maja veit betre: «Månen er laget av stein eller noe.» Men ho vert motsagt. «Nå er du veldig naiv. Det er det de vil du skal tro», seier nissen. «Hvem?» undrar Maja, og nissen har det litt oppgitte blikket når han svarar: «Meierisyndikatene. De ville ikke fått solgt ost om folk visste at det er masse gratis ost der ute. Tenk deg det, da.»
Dersom vi tek reklamen på ordet og tenkjer på de, kva er det Tine vil vi skal tru? At det er mykje gratis ost der ute? At det som skin, kan vere laga av stein?
Spørsmåla er ikkje mindre relevante etter førre veke. Då vedtok styret i Tine å bruke 750 millionar kroner på å byggje eit gigantmeieri for produksjon av Jarlsberg-ost – i Irland. Målet er å erstatte og auke den norske produksjonen som har gått til eksport, når det etter 2020 vert ulovleg å gje eksportstøtte, som følgje av WTO-reglar. Jarlsberg-eksport frå Noreg utan subsidiar kjem ifølgje Tine ikkje på nokon måte til å vere lønsamt. Norsk råvarepris på mjølk er for høg til å kunne konkurrere utanlands.
I framtida skal difor samvirket – som opphavleg vart danna som eit salslag for norske mjølkeprodusentar – i hovudsak bruke irsk mjølk for å produsere Jarlsberg for eksportmarknadene. Godt over halvparten av all Jarlsberg-ost kan i framtida vere produsert i Irland.
Irlands-planane har vorte kritiserte. Tine «dreper» merkevaren og undergrev argumenta for at norsk beite, norske kyr og norske bønder har unike kvalitetar, skreiv Hilde Charlotte Solheim, juryleiar for Årets lokalmatgründar, i nettavisa Kampanje i sommar. Tine svara mellom anna at det er like krav til produksjon av Jarlsberg utanfor Noreg som i Noreg, og at «det skal ikke være stor forskjell mellom norsk og irsk produsert Jarlsberg».
Bodskapen er altså at det ikkje trengst éin drope norsk mjølk for å lage det som er ein norsk merkevareost, og at det heller ikkje finst kvalitetsargument for å lage osten på norsk mjølk. Kvifor vil eit selskap eigd av norske mjølkebønder sende eit slikt signal?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.