Norsk sjølvforsvar
for Irak i Syria
Det norske militærengasjementet i Syria er trygt folkerettsleg forankra, meiner Birgitte Frisch i Forsvarsdepartementet.
Den folkerettslege grunngjevinga for den norske involveringa i Syria-krigen er både pussig, kompleks og omstridd. Regjeringa har definert opplæringa av syriske krigarar som eit bidrag til forsvaret av Irak, fordi IS også har okkupert irakisk territorium, inkludert millionbyen Mosul. Og fordi den syriske regjeringa ikkje har klart å stogge aktivitetane til IS i Syria, hevdar den norske regjeringa at det er legitimt for andre land å forsvare Irak ved å angripe IS også på syrisk territorium. Fleire har reist tvil om denne legitimeringa, mellom anna jussprofessor og folkerettsekspert Geir Ulfstein. Dersom norske styrkar har gått inn i Syria, er det berre i tråd med folkeretten «i den grad norske styrker bekjemper styrker som angriper Irak», sa Ulfstein til Dagbladet 22. mai.
I dag, når IS er på retrett i både Syria og Irak, er dette svært diskutabelt. Men det er heilt klart at folkeretten ikkje legitimerer kamp mot den syriske regjeringshæren eller Assads allierte. Det understrekar òg spesialrådgjevar Birgitte Frisch i Forsvarsdepartementet i eit e-postintervju med Dag og Tid.
– Vi bidreg med personell til trening, rådgiving og støtte til lokale syriske, sunniarabiske grupper i deira kamp mot ISIL. Det er ein føresetnad at kampen er retta mot ISIL, og ikkje regimet eller støttespelarane deira, skriv Frisch.
– Den siste tida har USA skote ned iranske dronar og eit syrisk jagarfly, og dei har bomba militærkonvoiar med Assad-allierte styrkar. Korleis endrar dette premissa for den kampen mot IS som Noreg er deltakar i?
– Det norske militære bidraget er trygt folkerettsleg forankra. Den folkerettslige vurderinga har ikkje endra seg sidan Norge vedtok å sende soldatar til denne delen av operasjon Inherent Resolve.
– Om den USA-leidde styrken blir trekt inn i vidare kampar mot den syriske hæren, Iran eller andre Assad-allierte, har vel dei norske soldatane hamna i ein heilt anna type krig enn den deltakinga i kampen mot IS som Stortinget godkjende i fjor sommar?
– Nei.
– Om premissa for den norske involveringa i Syria endrar seg dramatisk på dette viset, og ikkje lenger er legitimert av noko vedtak i Stortinget, bør vel dei norske soldatane trekkast ut?
– Ja, skriv Birgitte Frisch i Forsvarsdepartementet.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?
Teikning: May Linn Clement
17. mai-pengar
«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»