Kommentar
Norsk monokultur
Vi nordmenn treng nye vener. Det gjeld slett ikkje berre for tryggingspolitikken.
Teikning: May Linn Clement
Eg kjenner meg som ei blanding av Tante Sofie og den amerikanske senatoren Joseph McCarthy når eg skriv dette, men likevel: Det er på høg tid med ein diskusjon om den mjuke sida av USAs makt og korleis vi lever med den.
I Davos sist veke snakka den kanadiske statsministeren Mark Carney om korleis vi, dei landa som var USAs næraste allierte, skal leve med den harde sida av USAs makt og dei stadig nye måtane denne makta blir brukt på. Når gamle alliansar smuldrar, må nye alliansar oppstå. Viss vi ikkje sit ved bordet, står vi på menyen, sa Carney.
Alliansar
Vi bør definitivt sjekke vår eigen meny. Sist veke spurde Lorelou Desjardins, franskfødd forfattar og jurist, i VG: «Skal nordmenn slutte å beundre USA nå?» Desjardins skildrar eit sjokkarta møte med landet vårt. Det ho såg, var ei nesten grenselaus lovprising av USA.
Ho skildrar eit fransk perspektiv som er annleis enn vårt. Ein har alliansar og allierte, men legg sterk vekt på sjølvstende. Så har Noreg og Frankrike også svært ulike historiske utgangspunkt. Frankrike er ei regional stormakt og ei tidlegare kolonimakt. Noreg var i fleire hundre år eit lydrike under Danmark.
Eit spørsmål om kultur
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.