Norsk maskeball
Inntil nyleg var bodskapen frå norske styresmakter krystallklar: Bruk av munnbind ute i samfunnet bremsar ikkje infeksjonar som covid-19. No er ikkje råda like klare lenger.
I ei rekkje europeiske land er munnbind tilrådd eller påbode for dei som rører seg rundt i byane. I Noreg har ikkje styresmaktene tilrådd det, og få vel å bruke munnbind, slik Roar Njie Petajamaa gjorde på T-banen i Oslo 16. april.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix
For ein nordmann kunne det lenge vere freistande å smile overberande av kinesarar, japanarar og andre asiatar som prøvar å verne seg mot smittsame sjukdomar med munnbind. Her i landet har det lenge vore ei vedteken sanning at slike masker ikkje hindrar infeksjon, at dei berre gjev falsk tryggleik, og at dei i verste fall kan auke smittefaren fordi folk tek seg oftare til andletet når dei har slike masker på. Dette har helsestyresmaktene fortalt oss lenge.
Den 30. januar i år var overlege Preben Aavitsland ved Folkehelseinstituttet (FHI) kategorisk i eit intervju i VG: Munnbind som vern mot infeksjonar «er en kulturell greie i deler av Asia», sa Aavitsland til VG. FHI har aldri anbefalt folk i Noreg å bruke munnbind, «og det kommer vi heller ikke til å gjøre», slo overlegen fast.
Nye tider
Men sidan da har det skjedd mykje. Covid-19-pandemien har rulla over verda, millionar av menneske har blitt smitta, eit hundretusental har døydd, og andletsmasker er ikkje lenger berre ei kulturell greie i Asia. Også i ei lang rekkje vestlege land har styresmaktene i våre rådd folk til å bruke munnbind. Mange stader har det til og med vore påbod om å dekkje munn og nase når ein rører seg ute i samfunnet. I Tyskland, som slett ikkje er blant dei hardast råka landa i Europa, kom det i april påbod om bruk av munnbind i butikkar og på offentleg transport, og brot på reglane kan straffast med bøter på opptil 10.000 euro.
Knapt nokon hevdar at munnbind i seg sjølv gjev tilstrekkeleg vern mot smitte, men i land etter land har masker fått status som eit viktig supplement i kampen mot koronaviruset. Ein av grunnane til det endra synet på munnbinda er kunnskapen om at covid-19 kan smitte før ein berar av viruset har utvikla symptom. Dermed er kanskje den største verdien at munnbindet kan verne andre enn den som har det på seg, dersom vedkomande er smitta utan å vite det. Dette var ein viktig grunn til at Center for Disease Control and Prevention i USA (CDC) endra smittevernråda sine i byrjinga av april. Senteret gav før liknande råd som norske styresmakter, men gjekk da over til å tilrå bruk av masker ute i samfunnet for å bremse covid-19-smitten.
Att og fram
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.