JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Norsk dreiing mot Afrika?

Norske spesialstyrkar avsluttar USA-leidde operasjonar i Sentral-Asia og trekker mot franskleidde operasjonar i Afrika. Her bognar det av dilemma.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein mindre norsk styrke i Mali skal knytast til den større svenske kontingenten, som står under fransk kommando og tel 150 mann med tre helikopter. Danmark stiller med to Merlin-helikopter og opp mot 70 soldatar.

Foto: Forsvarsmakten.se

11109
20210806

Takuba Task Force

The Takuba Task Force er ein europeisk styrke under fransk leiing som skal rettleie, assistere og følgje dei militære styrkane til Mali i kamp mot IS og liknande terrororganisasjonar.

Takuba tek over etter den franske operasjonen Barkhane,
som no fasar ut.

Til no har Belgia, Tsjekkia, Danmark, Estland, Frankrike, Hellas, Nederland, Noreg, Portugal, Romania og Sverige meldt seg på
Takuba Task Force.

Den 20 år lange krigen til USA i Afghanistan er over. I juli annonserte president Joseph Biden at amerikanske kampstyrkar skal forlate Irak innan utgangen av 2021. Dei endelause amerikanske ørkenkrigane går mot slutten. Men medan norske soldatar trekkjer seg ut av Afghanistan, er det ingen planar om å hente norske soldatar heim frå Irak. Norske styresmakter nytta i staden fellesferien på å bestemme at norske elitesoldatar skal til det afrikanske landet Mali. Ein ørliten kontingent skal stå i svensk teig fram til neste år, under fransk kommando. Operasjon Takuba er europearane sin eigen antiterrorkampanje i Afrika, mana fram av den franske presidenten Emmanuel Macron gjennom dei siste åra.

For medan USA trekkjer seg ut frå ørkenen og dreg til sjøs, vert det stadig synlegare at etterverknadane av ørkenkrigane i Midtausten og Afrika er Europa sitt problem. Styresmakter herja av krig maktar lite, og skal internasjonale terrorgrupper nedkjempast og migrantar haldast attende, må nokon trå støttande til der alt kan kollapse. Nølande tek europeiske land meir ansvar i nærområda mot sør og søraust.

Europeisk byrdefordeling

Takuba er ein styrke der dei store middelhavsnasjonane Frankrike og Italia har samanfallande interesser. IS veks fort i Afrika, og det trengst handling for å stoppe terrorrørsla. Mindre uttala, men like presserande, er ønsket om å stabilisere beltet bak den nordafrikanske kystlinja og slik hindre massemigrasjon mot Europa. Med seg har dei land frå Aust-Europa (Tsjekkia, Estland og Romania) og Nord-Europa (Nederland, Sverige, Danmark og no Noreg, som det einaste deltakarlandet utanfor EU). Takuba handlar om europeisk byrdefordeling i Afrika.

Då Noreg sende i veg soldatar til Syria for fem år sidan, skjedde det utan vidare debatt. Avgjerda om å sende i veg dei skarpaste soldatane våre til Afrika vart lagd til fellesferien.

Ei utgreiing om deltaking i Takuba-styrken starta i februar 2020. Dei politiske partia har posisjonert seg på klassisk maner. Fremskrittspartiet «ville ikkje sende nordmenn av garde til Afrika for å døy». Raudt og SV er av prinsipp imot å sende soldatar ut av landet, medan partia i midten understreka at «saka er krevjande». Svaret Frankrike fekk var nei, men i fellesferien skifta ho meining, regjeringa. For i spørsmålet om norsk deltaking med elitesoldatar i Takuba skortar det ikkje på politiske, folkerettslege eller etiske dilemma.

Dei politiske rammene for dette oppdraget er nye for Noreg. Takuba er det lokale ordet for «sabel» og refererer til den franske spesialstyrkeoperasjonen som har pågått i Mali sidan 2020. Men franskmennene har vore i Mali sidan 2012. Den store militæroperasjonen Barkhane frå 2014 består av 5100 franske soldatar som opererer i Sahel-landa Tsjad, Mali, Niger, Burkina Faso og Mauritania (gjerne kalla G5). «Takuba Task Force» er ein europeisk støttestyrke til Barkhane, og han opererer i grenseområda Liptako i Aust-Mali mot Burkina Faso og Niger. Med Takuba vert norske styrkar lagde under fransk kommando.

Som i Afghanistan

Rammene for operasjonen i Mali har fellestrekk med den i Afghanistan frå 2001. Angrepa mot USA i 2001 utløyste artikkel 5 i NATO-traktaten («alle for éin, éin for alle»), og fleire militæroperasjonar i USA og Middelhavet med norsk deltaking var NATO-operasjonar. I Afghanistan ønskte USA derimot friare taumar. NATO-land var med, men utan NATO. Her var USA i førarsetet, med ei rolle som minner om den Frankrike har i Mali og omegn.

Då USA annonserte si tilbaketrekking frå Afghanistan i vår, erklærte den amerikanske forsvarsministeren Lloyd Austin frå NATOs hovudkvarter i Brussel at «styrkane våre har fullført oppdraget dei vart sende til Afghanistan for å oppnå». Det stemmer. Problemet er at det stemde alt for 19 år sidan. For kampen mot al-Qaida i Afghanistan vart vunnen allereie i 2002. Då var al-Qaidas basar i landet i stor grad tømde. Taliban-leiaren Mullah Omar skal ha teke kontakt med amerikanarane med eit tilbod om å leggje ned våpena i byte mot forhandlingar. Den dåverande amerikanske forsvarsministeren, Donald Rumsfeld, var ikkje interessert. USA hadde andre planar. Mullah Omar skal ha forlate Kandahar på sykkel for å fortsetje krigen som har rasa i Afghanistan heilt til våre dagar.

Amerikanarane sin «krig» mot al-Qaida (Operation Enduring Freedom (OEF)) vart teken vidare til meir enn ti land på tre kontinent. Operasjonen vart bringa til endes i 2014, tre år etter at Osama Bin Laden var «nøytralisert» i Pakistan. Men i Afghanistan var det krigen som USA valde mot Taliban, som i aukande grad opptok ISAF og norske styrkar på 2000-talet. Også ISAF vart avslutta i 2014. Då vart oppdraget gjort om til rettleiing og støtte for afghanske tryggingsstyrkar, som fortsette krigen mot Taliban. Det er denne operasjonen USA (og Noreg) har avslutta i år. Afghanarane er overlatne til Taliban og sin eigen skjebne.

MINUSMA

Det er samansette forklaringar på kvifor den internasjonale innsatsen i Afghanistan ikkje lukkast, men motsetnad mellom mål og middel hjå USAs eigen operasjon OEF og stabiliseringsstyrken med FN-mandat, ISAF, kjem høgt på lista. Og her finn vi ein liknande situasjon i Mali, men med fransk forteikn.

Ein FN-misjon (MINUSMA), med 14.000 soldatar, har oppgåver i Mali som minner om dei ISAF hadde i Afghanistan. MINUSMA er rekna som verdas farligaste FN-misjon, og har sidan 2013 kosta livet til 251 FN-soldatar. Noreg har bidrege med personell og materiell dei siste seks åra. Etter at eit Hercules-transportfly vart henta heim i vår, er det 15 norske militære att i MINUSMA.

Utan FN-mandat

Takuba-styrken er noko heilt anna. Takuba opererer ikkje under FN-mandat, men på invitasjon frå styresmaktene i Mali og Niger. Det liknar på situasjonen i Irak. Der har norske styrkar vore inviterte av Bagdad etter 2015, noko som har vore ein kime til trøbbel. Takubas formål er å «utfylle» oppdraget til franske Barkhane gjennom å støtte maliske styrker. Men heller ikkje den franske operasjonen Barkhane har eit FN-mandat i ryggen. Han baserer seg på ein fransk strategi om partnarskap mellom Frankrike og dei fem Sahel-landa, som alle er tidlegare franske koloniar. Desse landa har invitert franske styrker inn for å bistå med kontraterror og kontraopprørsoperasjonar på vilkår som Paris har diktert, og som gjev svært stor militær autonomi til Frankrike – ikkje ulikt amerikanarane sin posisjon i Afghanistan.

«Task Force Takuba» skal jobbe etter mønster frå operasjonane i Afghanistan og Irak: trene opp og assistere lokale styrkar i kamp mot opprørarar. Sjølv om styrken ligg under fransk kommando, er det maliske styresmakter som kontrollerer og bestemmer over dei lokale styrkane, og dei maliske styresmaktene har to gonger det siste året vorte skifta ut gjennom militærkupp. Det er greitt å minne om at heimelen «invitasjon» gjer at vi stiller våre militære til (ein grad av) disposisjon for lokale styresmakter, kven no det måtte vere til kvar tid.

Norsk spagat

I Takuba er verken vår næraste allierte USA eller FN i førarsetet. Styrken er prisgjeven franske Barkhane og politiske avgjerder i Paris, om lag slik situasjonen i Afghanistan gjennom OEF låg i Washington sine hender. Opplegget er ein test for samkøyring av europeiske spesialsoldatar på oppdrag i Afrika. Skulle det gå dårleg, vil det likevel vere «europeisk samtrening» i ørkenterreng utan amerikansk innblanding. Som president Macron uttala i 2018: I Afrika må vi sjå for oss at USA og Europa treng kvar sine styrkar – ja, til og med at styrkane deira kan stå direkte mot kvarandre. Dette er ei svært hårete utvikling for ein nær USA-alliert som Noreg.

Men saka kan vere nær ved å ta ei ny vending. Den franske operasjonen i Mali vert stadig meir upopulær i Frankrike. 55 soldatar er drepne sidan 2014, og planen til Macron er at Takuba skal ta over når Barkhane fasar ut. I sommar har franskmennene invitert inn ei NATO-eining for å støtte Takuba. Her kan ein altså skimte parallellar med Irak, der amerikansk nedtrekk dei siste par åra har vorte møtt med auka NATO-involvering. På NATO-toppmøtet i juni vart det òg lagt opp til ei betydelig styrking av NATOs trening og kapasitetsbygging av «partnarar i NATOs nabolag». Eit aukande NATO-avtrykk i Takuba kan i nokon grad redusere risikoen for norsk spagat over Atlanterhavet.

«Europeisk standard»

Men nokre fordelar er det å ha europearar saman. Alle nasjonane i Takuba er bundne av den europeiske menneskerettskonvensjonen i den grad statleg maktbruk skjer, også utanfor Europa. Dei er òg underlagde Den internasjonale straffedomstolen i Haag, som har følgt med på alle partar i Mali sidan 2016. Samstundes er dei lokale konfliktane samansette, og ulike konfliktlinjer gjer det krevjande å til dømes identifisere partar og militære mål. Det har gjentekne gonger vore skuldingar om franske feilbombingar, til dømes av eit bryllaup som vart desimert av eit fransk angrep i januar i år.

Men sjølv om europearane er samkøyrde om reglar for krigføring, gjenstår det å sjå kva slags «europeiske standardar» vi vil utvikle for våre elitestyrkar i Afrika. Mali er ein farleg stad for soldatane våre.

Å drepe fiendar

Den franske operasjonen i Sahel har vorte kalla «uvinneleg, men verdifull». Oppdraget går altså ut på å lokalisere og nedkjempe opprørarar og terroristar – eller, på godt norsk, å drepe fiendar.

Deltaking i Takuba vil òg bringe inn ein ny sikkerheitsdimensjon. Då styrken hausten 2020 stod i spissen for ein stor operasjon mot IS i Stor-Sahara, svara IS med å sende i veg ein tunisiar for å angripe ei kyrkje i den franske byen Nice. Dette oppdraget er ikkje utan risiko.

Ein kan vanskeleg finne meir konkrete tiltak for å «hjelpe dei der dei er» enn assistanse til å nøytralisere dei slemme. Men blant «dei slemme» i Sahel er det nok ein vond parallell til Afghanistan. Medan Taliban var ein lokal afghansk aktør, var al-Qaida i Afghanistan ei internasjonal terrorrørsle. I Mali er det derimot dei allierte av al-Qaida som har lokal forankring, medan det er IS i Stor-Sahara som særleg har ein internasjonal agenda. Det ligg altså i korta at den dagen europearane skal ut, vil al-Qaida-tilknytte grupper verte forhandlingspartnarane våre, på lik linje med Taliban i Afghanistan. For heller ikkje i Mali lar det seg gjere å «nedkjempe lokalbefolkninga».

Utgangen frå Mali står alt skrive i stjernene. Spørsmålet er om det vil ta 20 år.

Cecilie Hellestveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Den franske operasjonen i Mali vert stadig meir upopulær. 55 soldatar er drepne sidan 2014.

Med Takuba vert norske styrkar lagde under fransk kommando.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis