Noregs kamp for meir giftMattilsynet har fleire oppgåver enn å sikre at maten er trygg. Når grenseverdiar for giftstoff i mat skal fastsetjast, handlar det ikkje berre om vitskap og omsynet til folkehelsa. Det handlar òg om næringsinteresser, politikk og l
Mattilsynet har fleire oppgåver enn å sikre at maten er trygg.
Når grenseverdiar for giftstoff i mat skal fastsetjast, handlar det ikkje berre om vitskap og omsynet til folkehelsa. Det handlar òg om næringsinteresser, politikk og lobbyverksemd. Og i EU-systemet har norske styresmakter gong på gong kjempa for å heve grensene for giftstoff i laksefôr og fisk, synte ein artikkel i Morgenbladet og Harvest i juni i år.
I 2001 tilrådde EUs vitskaplege komité for mat ei grense for inntak av dioksin og dioksinliknande PCB på sju pikogram per kilo kroppsvekt i veka. Komiteen vurderte òg å setje ei grense for lovleg giftinnhald i mat, og dette skapte uro i fiskelandet Noreg.
«Maksimalgrenser for miljøgifter kan bli svært vanskelig å etterleve når det gjelder fet fisk. Det er klart det kan få betydelige konsekvenser for fiskeeksporten», sa avdelingsoverlege Erik Dybing ved ved Statens institutt for folkehelse til Aftenposten i mars 2001. Noreg mobiliserte eigne ekspertar for å vise at det ikkje var naudsynt med så strenge grenser for dioksin og PCB, og lukkast eit stykke på veg: EU-komiteen heva den tilrådde grensa for inntak til 14 pikogram i veka per kilo kroppsvekt, og slik var det heilt til sist veke.
Norske styresmakter har òg kjempa mange kampar for å heve grensene for ulike giftstoff i laksefôret. I 1999 vurderte fôrkomiteen i EU å setje strenge grenser for dioksin i fiskefôr. «Hvis EU i dag vedtar lave grenser for dioksin-innhold i fiskefôr, står fiskeeksport for milliarder av kroner i fare», skreiv Aftenposten. Noreg arbeidde for ei dioksingrense som var sju og ein halv gong høgare enn EU-forslaget, og vann fram i allianse med land med fiskeriinteresser kring Nordsjøen og Austersjøen.
På same vis har norsk sjømatnæring og det norske Mattilsynet gong på gong kjempa i EU for å hindre strenge grenser for andre giftstoff i laksefôret, synte Morgenbladet og Harvest i juni i år. I 2007 ville fleire land i fôrkomiteen til EU ha strengare grense for kvikksølv i fiskemjøl og fiskeolje. Noreg ville i staden tredoble grenseverdien. Grensa vart dobla. På same vis har Noreg òg arbeidd for å heve grenseverdiane for toksafen, arsen, endosulfan og ethoxyquin i fiskefôret.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.